Hallingmål

Hallingmålet er ein norsk dialekt, som er tala i Hallingdal.

Målet høyrer til fjellbygdmåla, sameleis som målføra i Gudbrandsdalen, Valdres, Numedal og Telemark. Målet har mykje sams med Valdresmålet og Kryllingmålet.

Kjenneteikn

Pronomen

I "klassisk" halling er pronomena E (første person eintal) og dikka/dikko (første person fleirtal) dei mest attkjennelege. Genitivsfleirtal blir ofte dikkas.

Subjekt: E - du, han, ho - hona

Objekt: me - de, hono/o, hænna.

Genitiv: Min, mi, mitt, din, di, ditt, hass, hænna, åt di (Låtten hass Tor, fasyst henna mor). Dativ: Mino, dino, sino.

Fleirtal: me, dei, dei, uss, dikka, dikka (Gol: Dikkon), de, vår, dikka, dæiræ.

Ho og han kan stundom nyttast om ting: denne steidn, han ligg i vegjin, me lyt ta han.

I tillegg har forma hin vore nytta:

Hin, hitt, hinæ, hino (På hi sida åne, på hin foten, Kor æ hin).

Ubunde pronomen:

Ængorn, ain, nokon, ingæn, ingjin, mangain, mangt aitt, an, kor, all (nyttast som på engelsk: all dagen "all day"), dæ, ain, aitt, noko, nøkklæ.

Pronomen i dativ er ikkje mykje nytta i dei yngre årsklassene, men der vart det skild mellom han (nominativ), hass (genitiv) og hono (dativ) i hankjønn, og ho/henne (nominativ), henna (genitiv) og hona (dativ).

substantiv

Substantiva er bøygde slik (døme):

Hankjønn:

Ain bil, bilæn, bila, biladn (dativ: bile - bilo)

Arm - armæn - arma - armadn (arme - armo)

Båt - båt`n - båta - båtadn (båte - båto

mann - mann - mænna - mænnadn (manne - mænno)

Sån - sån - syni, synidn (såne - syno)

Ven - ven - veni - venidn (vene - veno)

Bonde - bonden - bønda - bøndadn (bonda - bøndo)

Hokjønn:

Bok - bokji - bøka - bøkadn (bokæn - bøko)

Jæntæ - jænta - jæntu - jæntudn (jæntun - jænto)

Ei ku, kue, kyr, kydn,

Ei høne, høna, hønu, hønudn (linne hokjønnsord).

Inkjekjønn:

Æplæ - æple - æplu - æpludn (æple - æplo)

døme - døme - dømu - dømudn (dømu - dømo)

adjektiv

Ain liten gut, ai liten jente, ait lite hus.

gradbøying:

  • Rik - rikar - rikast
  • Stor - størræ - støst.

adverb

Bøyast etter regelen ikkje.

Dai voro rik, me æra stor.

Preposisjonar

Ette, før, fyry, fyryåt, frå, hjå, i, igjøno, imyljo, mot, or, på, te, um, unde, upp, ut, uppivi, utta, tå, åv, ovær, åt.

I, or og åt høyrer i hop:

E bur i Kvislen, e kom or kvamen, E ska åt kvamen.

På, te og tå, høyrer i hop:

E bur på Geilo, E ska te Geilo, e kom tå Geilo.

Kasus

Både personlege pronomen, eigedomspronomen og substantiv følgjer regelen om oblikt kasus i alle kjønn.

Hankjønn vert "åt bile", hokjønn "åt kuen", og inkjekjønn "åt husè" med vekt på siste stavinga. Pronomena vart bøygde sameleis:

"Han tala åt gute sino". "E ska te hono far".

Verb

I "klassisk" halling vart verba bøygde i eintal og fleirtal. Dette draget finst i dag mest hjå gamle folk:

"Me era tå gode folk". "Dei voro tå ustedale". "Me gingo åt kyrkjun".

Elles er eit sentralt målmerke her Kløyvd infinitiv.

sterke verb (døme):

Fyrste klasse:

  • Finne - finn - fann - funne - me funno
  • Bræste - bræst - brast - brøste - brosto
  • Søkkji - søkk - søkk - søkkji - sokko
  • Dætte - dætt - datt - døtte - døtto

Andre klasse:

  • Læsa - læs - les - lese - leso
  • Bæra - bær - bar - børe - boro
  • Vera - æ - va - vøre - me æra/voro

Tredje klasse:

  • Bita - bit - bait - biti - bito

Fjerde klasse:

  • Brøta - bryt - braut - brøte - brøto

Femte klasse:

Fara - fær - for - fare - foro

Sjette klasse:

Gråta - græt - gret - grete - greto

Linne verb:

Fyrste klasse:

  • Vænja - væn - vandæ - vant
  • Krævja - kræv - kravdæ - kraft
  • Vælja - væl - valdæ - valt

Andre klasse:

  • Tømæ - tøme - tømdæ - tømt
  • Trivast - trivist -trivdæst - trifst

Tredje klasse:

  • Øpnæ - øpna - øpna - øpna
  • Baka - baka - baka - baka

So og bala, baskæ, braka, laga, og sala.

Partisipp:

Eit partisipp kan seiast på tre vis: Springjan, springjande, springjandes.

Tonefall

Diftongen ei er ofte djupare enn vanleg på austlandet, slik at det gjerne let som "ai". "Ai ven gjente". "Dai sko fara åt Lærdale". Stutt O er gjerne brigda til Ø, "følk". Dette særdraget finst dei fleste stader i dalen, med Ål som einaste unnatak. Endinga -dn i slutten av fleirtalsord har smitta over på andre endingar frå gamalt, slik at namnet Svein til dømes kunne låte som Svaidn.

Særskilde ord og vendingar

  • Bæmbil - navle
  • Bændil - kornband
  • Bet - kor kvass ljåeggen er (koss æ bete?)
  • Bekar - ein sauebukk
  • bøføtt - berrføtt
  • drått - krampe
  • ænder og då - stundom
  • feshøl - endetarmsopning
  • feslunka - mellomvarm
  • fjampen - unett
  • flag - bratt bergvegg
  • Holkjaka - skrinn
  • kløpp - lita bru
  • træk - gravid
  • skroyvæ - ta opp plass

(æ-lyden i hallingmål er heller trong).

Lokale skilnader

Di lenger ned i dalen ein kjem, di trongare vert vokalane, slik at vokalen Y er mest borte lengst nede i dalen mot Krødsherad. "Dei bigde ei bru". Delet mellom E og Je finst naturleg om lag ein tredjedels veg opp i Flå, slik at folk i sørbygda i Flå seier je, medan folk midt i bygda seier E.

Tags:

Hallingmål KjenneteiknHallingmål Lokale skilnaderHallingmålDialektGudbrandsdalenHallingdalNumedalTelemarkValdres

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BaroniTysklandPanteonMarit MikkelsplassListe over primtalSaltFriends av The Beach BoysIggy PopROBEKGeir HolteSýros-ErmoúpoliNonLinn UllmannSérifosGrámos i KastoriáDennis VareideTokyoCristiano RonaldoMolde kommunePolarprisenNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1956InternasjonalenLyngdal IdrettslagSvaKaffisurrogatNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1976Spiss fleinsoppBeltaneEminemKýthnosDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenRagnhild BrochmannHønsehaukSovjetisk kulturElizabeth II av StorbritanniaKaktusLars TangenTeknologiPeriferieininga KosMusikkgruppa GåtePolenKrossmesse om vårenSífnosHermann HesseDagne Groven MyhrenHussein Ahmed SalahUSABrystbeinInformasjonskapselKubeSpaniaNytt på nyttKill CityDen apostoliske truvedkjenninga1974WiMPLeiv EirikssonThe CowsillsLaura MarlingBalejazzMichael BubléAkslaWikimediaGunnhild SundliTrichoplax adhaerensLeitch MassifMontserrat CaballéMikrometerKaptein SabeltannAlf PrøysenKapitalAstrid Hjertenæs AndersenSjøroseKnut den mektigeLunner IdrettslagKristoffer JonerJantelovenKnut Marius DjupvikDet buddhistiske livshjulet🡆 More