Norsk Grammatik, skriven av Ivar Aasen, er ein norsk grammatikk som vart utgjeven i 1864.
Boka er ei omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik som kom ut i 1848. Aasen hadde no fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at 1864-utgåva av Norsk Grammatik er ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje som 1848-utgåva ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet.
Aasen meinte at norske bygdemål sett under eitt inneheldt eit sjølvstendig språk. Formålet med grammatikken var å framstille grunnreglane i dette norske språket slik det vart tala då boka vart skriven. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.
Grammatikken har fem avdelingar:
I to tilleggskapittel går han gjennom bygdemåla og landsspråket. Aasen meinte at den skriftlege forma av landsspråket burde «være den fuldkomneste, reneste og værdigste Form av Folkets Tale». Boka framstilte det norske folkespråket, men ho var skriven på dansk.
Av boka på 390 sider er kapitlet om bøyingsformer det største, med meir enn 100 sider. Her er det berre plass til nokre døme på formene Ivar Aasen sette opp i grammatikken:
Sterke hankjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Dom | Domen | Domar | Domarne |
(Dativ) | - | (Dome) | - | (Domom) |
Genitiv | Doms | - | Doma | - |
Linne hankjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Ende | Enden | Endar | Endarne |
(Dativ) | - | (Enda) | - | (Endom) |
Genitiv | Enda | - | (Enda) | - |
Sterke hokjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Skaal | Skaali(n) | Skaaler | Skaalerna |
Dativ | - | Skaalenne | - | Skaalom |
Genitiv | Skaalar | - | Skaala | - |
Linne hokjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Visa | Visa(n) | Visor | Visorna |
Dativ | - | Visonne | - | Visom |
Genitiv | Viso | - | (Viso) | - |
Inkjekjønnsord utan ending og med ending på -e::
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Aar | Aaret | Aar | Aari(n) |
Dativ | - | Aare | - | Aarom |
Genitiv | Aars | - | (Aara) | - |
Inkjekjønnsord som endar på -a:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Auga | Augat | Augo | Augo(n) |
Dativ | - | Auga | - | Augom |
Genitiv | Auga (o?) | - | Augna | - |
Kasus | 1.person eintal | 1.person fleirtal | 2.person eintal | 2.person fleirtal |
Nominativ | eg | me | du | de |
Objektiv | meg | oss | deg | dykk |
Genitiv | - | (okkar) | - | dykkar |
kasus | 3.person hankjønn | 3.person hokjønn | 3.person inkjekjønn | 3.person fleirtal |
Nominativ | han | ho | det (dat) | dei |
Objektiv | honom | henne | det | deim |
Genitiv | hans | hennar | dess | deira |
Verba har fire framstillingsmåtar (modus),nemleg forteljande (indikativ), forbindande (konkunktiv), bedande (imperativ) og ubunden (infinitiv). Dei vert bøygde i tre tider; fortid (preteritum/imperfektum), samtid (presens) og framtid (futurum) og to talformer; eintal og fleirtal.
Dei sterke verba følgjer seks klasser etter lydskiftet i vokalen, her følgjer nokre døme:
kl. | infinitiv | presens eintal | presens fleirt. | imp. eintal | imp. fleirtal | supinum |
1. | finna | finn | finna | fann | funno | funnet |
. | bresta | brest | bresta | brast | brosto | brostet |
2. | sitja | sit | . | sat | saato | setet |
3. | bita | bit | bita | beit | bito | bitet |
4. | njota | nyt | njota | naut | nuto | notet |
5. | fara | fer | . | for | foro | faret |
6. | ganga (el. gaa) | gjeng | . | gjekk | gingo | gjenget |
Hovedmerket for dei svake verba er at dei i fortid endar på ein d som nokre gonger leggjast til rotstammen, andre gonger etter ein innskoten a (lag-de eller kast-a-de). Etter s, t, p, og k vert d'en omgjort til ein t, av og til òg etter r, l og n. I supinum endar dei på -t, i partisipp på -d.
Nokre døme:
kl. | infinitiv | presens eintal | presens fleirt. | imp. eintal | imp. fleirtal | supinum |
1. | telja | tel | telja | talde | talde | talt |
. | tru | trur | . | trudde | . | trutt |
2. | døma | dømer | døma | dømde | dømde | dømt |
. | hava | hever | hava | hadde | hadde | havt |
3. | kasta | kastar | kasta | kasta | kastade | kastat |
Konjunktivformene av desse verba er telje, døme, kaste; imperativformene i eintal tel!, døm! og kasta!.
Bøying av sterke og svake adjektiv i kjønn og tal i bunden og ubunden form:
Adjektiv | hankj. eintal | hokj. eintal | inkjekj. eintal | hankj.fleirtal | hokj. fleirtal | inkjekj. fleirtal |
Ubunden form | stor(er) | stor | stort | store | stora | store |
Bunden form | store | stora | stora(e) | store | store | store |
Ubunden form | open | opi | opet | opne | opna | opne |
Bunden form | opne | opna | opna | opne | opne | opne |
Talorda har eit fullstendig og eit enklare, meire alminneleg bøyingsmønster. Det alminnelege mønsteret:
. | Hankjønn | hokjønn | inkjekjønn |
1 | ein | ei | eit(t) |
2 | tvo | tvo | tvau |
3 | tri | tri | try |
4 | fjore | fjora | fjore |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Norsk Grammatik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.