Svake verb eller linne verb er ei gruppe verb som i germanske språk markerer tidskifte med ei bøygningsendring.
Svake verb vert i nynorsk inndelte i fire bøygningsklassar, ei med -ar i presens og -a i preteritum, ei anna med -er i presens og -te eller -de i preteritum, ei tredje med verb som endar på rotvokalen og ei fjerde utan ending i presens.
kl. | infinitiv | presens (notid) | preteritum (fortid) | perfektum partisipp |
1. | lyse | lyser | lyste | lyst |
2.a | dømme | dømmer | dømde | dømt |
2.b [sideform]. | brenne | brenner | brende [brente] | brent |
2.c | interessere | interesserer | interesserte | interessert |
2.d | gjere | gjer | gjorde | gjort |
3. | tru | trur | trudde | trutt el. trudd |
4. | telje | tel | talde | talt |
Denne inndelinga er ikkje uproblematisk. Tre av dei fire klassene dannar nemleg ulike stammeklasser av same bøyingsklasse, K-klassa: Verb med infinitiv på trykksterk vokal har suffiks -dde (nå - nådde), dei med infinitiv på tonem 1 og -ere har -te (interessere - interesserte), mens dei verba som har stamme på trykksvak vokal er delt i to bøyingsklasser, K-verba (leve - levde, tenke - tenkte (suffikset er stemt eller ustemt etter om stammevokalen er stemt eller ikkje) og V-verba (kaste - kasta). Med eit skilje mellom stammeklasse og bøyingsklasse får norsk to bøyingsklasser: K-verb (med suffiks -dde, -de, -te fordelt etter stammeklasse), og V-verb (med suffiks -a).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svake verb, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.