Preteritum, eller fortid, er eit grammatisk trekk i den grammatiske kategorien tempus.
Grunnfunksjonen til preteritum er å markere eit referansepunkt før talehandlinga, som i setningane
I den første setninga skjer sovinga før setninga vart ytra. I den andre setninga (som står i preteritum perfektum) skjer tilstanden av at Per si soving er over på eit tidspunkt før setninga vart ytra.
Preteritum kan også uttrykke kjensle (som i setninga Det var god kaffi! ytra medan ein drikk), og i lag med partisipp ein tilstand som ikkje er verkeleg (Det hadde vore fint å vere der no.).
I norsk skolegrammatikk var det tidlegare ein tradisjon med å kalle preteritum «imperfektum». Det var ein uheldig tradisjon, i og med at imperfektum (som term) kontrasterer med perfektum (bokstavleg: ikkje-perfektum). I norsk er det ikkje slik. Forma som no vert kalla preteritum står i opposisjon til presens, og ikkje til perfektum.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Preteritum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.