Samsvarsbøying

Samsvarsbøying eller kongruensbøying er det forholdet at eit ord vert bøygt i samsvar med kjønn, tal, binding og kasus hos eit anna ord.

Norsk har samsvarsbøying for adjektiv og perfektum partisipp av verb.

Samsvarsbøying av adjektiv

Som mønster for vanleg samsvarsbøying i norsk kan ein sjå på orda stor og liten, der stor følgjer eit typisk mønster, mens liten følgjer eit avvikande mønster.

  • Ein stor gut – ein liten gut
  • Ei stor jente – ei lita jente
  • Eit stort barn – eit lite barn
  • Den store jenta – den litle (eller vesle) jenta
  • Fleire store gutar – fleire små gutar

Samsvarsbøying av perfektum partisipp

Svake og sterke verb har ulike endingar i perfektum partisipp, og dei vert derfor bøygde etter ulike mønster. Verba har samsvarbøying etter verba vere, verte og bli:

  • Protokollen er kjøpt – protokollen er seld – protokollen er skriven
  • Boka er kjøpt – boka er seld – boka er skriven
  • Brevet er kjøpt – brevet er selt – brevet er skrive
  • Den kjøpte boka – den selde boka – den skrivne boka
  • Mange kjøpte bøker – mange selde bøker – mange skrivne bøker

Bokmål har ikkje full samsvarsbøying av verb. Klassisk nynorsk hadde eigne former for sterke hokjønnsord. Etter rettskrivinga av 2012 har nynorsk obligatorisk samsvarsbøying av sterke verb, valfri samsvarsbøying av svake verb. Korte partisippformer av sterke verb, som blitt, fått, gitt, sett, tatt, skal ikkje ha samsvarsbøying.

Kjelder

Tags:

BindingBøyingGenusKasus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Néa ZíkhniMari MaurstadBergenFugløyaKristoffer ColumbusÅErling Braut HaalandAdolf HitlerOSI-modellenStrilFrankrikeNéo PetrítsiMyndig alderMS «Venus» (1931)TrepunktsopphengSim sala bimTutankhamon17. aprilPronomenDattatrejaKvadratmeterKirkeristenTurbanLSevernaja ZemljaEddadiktSaudi-ArabiaNorsk folkedansJordaSandefjord kommuneIndiaElvar i RomaniaEsperantoBokmålStaffan stalledrängKelvinDet russiske alfabetetAnne RimmenDetaljhandelEmma EllingsenKrøllalfaKarl-Heinz RummeniggeNoregRegnskogen i AmazonasAbrasivØystein SundeVassøyna i GulenKind of BlueTyngdeakselerasjonAmy WinehouseDen franske revolusjonenHelena Bonham CarterCarl LarssonStareHjortetakksaltDet tyske herrelandslaget i fotballElvar i RusslandÅrstidJ.K. RowlingKjerringDanmarkLundefuglNorheimsundBerlinmurenVisaltíaRomanen BeatlesHalloMediaWikiSérresBritiske monarkarSvart kattBautaCascadaOdin🡆 More