Pavlodar (kasakhisk: Павлодар) er ein by nordaust i Kasakhstan.
Han ligg 350 km nordaust for hovudstaden i landet, Astana, og 400 km søraust aust for den russiske byen Omsk langs elva Irtysj. Byen er hovudstad i Pavlodar oblast og har like over 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er kasakhstanarar og russarar. Det finst i tillegg minoritetar av ukrainarar og tyskarar.
Pavlodar | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Oblast | Kasakhstan Pavlodar oblast | ||
Grunnlagd | 1720 | ||
Akim | Bakauov, Bulat Zhumabekovich | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 400 000 000 km² | ||
Flatevidd - By | 400 km² | ||
Innbyggjarar - By (2014) - folketettleik | 353 930 799/km² | ||
Koordinatar | 52°18′N 76°57′E / 52.300°N 76.950°E | ||
Høgd over havet | 123 m | ||
Tidssone | BTT (UTC+6) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 140000 - 140017 | ||
Telefon-retningsnummer | +7 7182 | ||
Bilnummer | S | ||
Heimeside: http://www.pavlodar-city.kz | |||
Plassering | |||
Plasseringa i Kasakhstan |
Pavlodar er den eldste oblasthovudstaden nord i Kasakhstan og vart grunnlagd i 1720 som Korjakovskij nær nokre saltsjøar. Han vart byen Pavlodar i 1861, men sjølv om han dreiv omfattande handel med salt og jordbruksprodukt hadde han berre om lag 8 000 innbyggjarar i 1897. Han fekk namnet Pavlodar, Pavel si gåve, til ære for den nyfødde storhertug Pavel Aleksandrovitsj av Russland.
I 1955 gav Jomfrulandplanen ein ny start til den moderne Pavlodar. Storinnflytting frå andre delar av Sovjetunionen, industrialisering og rask utbygging forma byen på kort tid. Sidan midten av 1960-åra har Pavlodar vokse til å verte eit stort industrisenter med traktor-, aluminium- og kjemiske fabrikkar. Eit oljeraffineri stod ferdig i 1978. Byen hadde òg ein stort stridsvognfabrikk og var derfor stengd for utlendingar fram til 1992.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pavlodar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.