Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar.
Palauisk tekoi er Belau, tekoi ra Belau, | ||
Klassifisering | austronesisk malayopolynesisk sentral-austleg | |
Bruk | ||
Tala i | Palau, Guam, USA | |
Område | Mikronesia | |
Palauisktalande i alt | 15 000 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | pau | |
ISO 639-3 | pau |
Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øyane Sonsoral og Tobi. Det andre offisielle språket i øyriket er engelsk. Utanom Palau finst det ein del språkbrukarar på Guam og i USA.
Språket tilhøyrer den sentral-austlege språkgruppa av malayopolynesiske språk, og skil seg ut frå andre språk i Mikronesia ettersom det verken tilhøyrer dei mikronesiske eller polynesiske språka. Det einaste nærskylde språket i området er chamorro, som mellom anna blir snakka på Guam.
Ein skriv palauske med det latinske alfabetet, etter ein ortografi som blei fastsett på 1970-talet.
Artikkel 1 frå menneskerettsfråsegna"
Palauisk | Norsk |
---|---|
A rogui 'l chad el mechell a ngarngii a ilmokl er tir ra diosisiu el llemalt. Ngarngii er tir a uldesuir mete mo meruul el mo rar bebil lokiu a ungil 'l omeruul ra klauchad. | Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør. |
Artikkel XIII, seksjon 1 frå den palauiske grunnloven:
Palauisk | Engelsk |
---|---|
A tekoi er Belau a bo lousbech a buai er a Belau. Ea tekoi er a Belau ma tekoi er a English a bo lousbech er a chelsel a Amt er a Belau. A Olbiil Era Kelulau a mo olterkokl a ungil el usbechel a derta er a ikal bedengel a tekoi. | The Palauan traditional languages shall be the national languages. Palauan and English shall be the official languages. The Olbiil Era Kelulau shall determine the appropriate use of each language. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Palauisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.