On the Origin of Species (eigentleg On the Origin of Species by Means of Natural Selection, or the Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life.) er Charles Darwin sitt banebrytande verk om evolusjon ved naturleg utval.
On the origin of species by means of natural selection, or the preservation of favored races in the struggle for life | |||
| |||
Forfattar(ar) | Charles Darwin | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Sjanger | vitskapleg litteratur, avhandling | ||
Utgjeven | 24. november 1859 |
Darwin presenterer evolusjonsteorien i boka, der populasjonar utviklar seg over fleire generasjonar gjennom naturleg seleksjon. Boka blir rekna som ein av dei viktigaste vitskaplege bøkane gjennom tidene, og la grunnlaget for moderne evolusjonsbiologi.
Det første opplaget til boka på 1250 eksemplar kom ut den 24. november 1859 og vart utselt same dag. Det andre opplaget vart òg utselt innan utgangen av året 1859. Boka si sjette og siste utgåve vart gjeven ut i 1871.
Evolusjonsteorien skildra i boka er baserte på sentrale fakta og slutningar trekt frå dei. Biologen Ernst Mayr summerer opp teorien som følgjer:
Sjølv kalla Darwin On the Origin of Species «eit einaste langt argument» for evolusjonen. Han gjekk grundig til verks, og presenterte omfattande dokumentasjon på
Evolusjonstanken i seg sjølv var ikkje ny, og mange av dei som levde på Darwin si tid hadde akseptert han i det minste som mogleg. Det som mangla, var likevel ei forklaring på prosessane bak evolusjonære endringar. Naturleg seleksjon var denne forklaringa, og utgjorde difor hovudtemaet i boka.
Den største mangelen til boka låg utan tvil i at arvelæra endå ikkje var kjent. Darwin viste at eigenskapar gjekk i arv i naturen, men han var ikkje i stand til å forklare korleis. Darwin var nøye med å peike på dette og på anna han såg på som veikskapar og sider ved teorien som ikkje var løyste. Dermed var framgangsmåten hans i overraskande stor grad i samsvar med dagens syn på vitskapsteori, jamfør falsifikasjonisme.
Men òg innsikta Darwin synte for tydinga og utstrekkinga av variantar innanfor artar var banebrytande. Han dokumenterte variasjon både innanfor og mellom populasjonar, kjønna og såkalla morfar.
Darwin oppdaga prinsippet om naturleg utval allereie i 1838, men venta altså i meir enn 20 år med å publisere teorien sin. Blant grunnane til dette var den skrantande helsa hans og at han heldt på med andre publikasjonar, spesielt om geologi og systematikken for rankeføttingane), men òg ei stor aktsemd, fordi han skjønte at argumentasjonen måtte vere særs grundig viss han skulle få aksept for teorien.
Det som skunda fram publiseringa, var eit brev frå ein yngre kollega, Alfred Russel Wallace, der Wallace skisserte ein identisk teori. Medan Darwin fortvilte over at han ikkje hadde rokke å bli den første oppdagaren av naturleg seleksjon, arrangerte andre kollegaer eit møte hos Linnean Society i London den 1. juli 1858, der ein felles publikasjon av Darwin og Wallace vart lesen opp. Hovudpersonane var forhindra frå å delta, Darwin fordi han var i gravlegginga til den yngste sonen sin, og Wallace fordi han oppheldt seg på feltarbeid på Borneo. Artiklane vart publiserte i Journal of the Proceedings of the Linnean Society, Zoology (bd. 3, s. 45–62, 1859) – med Darwin som førsteforfattar.
Etter dette byrja Darwin for fullt med å skrive eit samandrag av boka si. Det er dette «samandraget» på 502 sider som vart til On the Origin of Species, gjeve ut av John Murray i London. Darwin gav seinare opp planane om å publisere «heile boka», men deler av ho kom ut blant anna i 1868 i boka hans The Variation of Animals and Plants under Domestication. Natural Selection heldt fram som eit manuskript heilt fram til 1975 då det vart transkribert og gjeve ut.
Wallace blir vanlegvis rekna som medoppdagar av naturleg seleksjon. Likevel er det nok rettvist at Darwin blir nemnt først, ikkje berre fordi han var klårt først av dei to om å oppdage (om enn ikkje publisere) prinsippet, men òg fordi han var den som hadde samla den utfyllande dokumentasjonen som la grunnlaget for at teorien vart akseptert av fagfellar.
Darwins lære kom i direkte motsetningsforhold til skapingslæra. Hustrua åt biskopen i Worcesters, Lady Wilberforce, talte om On the Origin of Species: «La oss håpe at teorien ikkje er sann. Og viss han er sann, la oss be om at han ikkje blir viden kjend».
I Noreg var især naturvitskapsmannen, folkloristen og eventyrforteljaren Peter Christen Asbjørnsen tidleg ute med å tileigne seg læra åt Darwin og vidareformidle ho, medan den første omsetjinga til nordiske språk vart gjord av dansken Georg Brandes i 1871.
Evolusjon vart straks tatt opp i vitseteikningar i vittigheitspressa. Norske vekeblad som Ny illustreret Tidende og det humoristiske Vikingen gjenga i 1880-åra dei populære teikneseriestripene frå det tyske Fliegende Blätter, som gjennom tre teikneserieruter synte fram oppfinnsame løysingar på korleis t.d. ei kaffikanne gjennom eit mellomnivå kunne utvikle seg til ei kaffikjerring, osb. I Noreg førte ikkje On the Origin of Species og evolusjonsteorien til same allmenne debatt som i Storbritannia. Debatten var i all hovudsak vitskapleg. Sjølv om ein del geistlege krefter stilte seg kritisk, stilte ikkje kyrkja i landet seg like unisont kritisk som dei konservative kreftane i Den anglikanske kyrkje hadde gjort.
Etter at idéane på ulikt vis hadde blitt handsama vitskapleg, vart han òg tatt opp innanfor skjønnlitteraturen, som t.d. i Henrik Ibsen-stykket Vildanden, der både dyra sine overlevingsevner inne på mørkeloftet, og mennesket sitt balanserte strev mellom arv og miljø, blei eit tema.
På 1900-talet oppstod ein eigen sosialdarwinisme innanfor så vel biologien som sosiologien. Samfunnet vart òg skildra som ein levande organisme. Retninga var spesielt sentrert omkring konkurranse og maktfaktorar, og la mindre vekt på det dynamiske aspekt som forkynte at både utvikling og overleving var knytt til idéen om «naturleg seleksjon». Innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga reiste det seg kraftig kritikk av sosialdarwinismen, somme tider òg stempla som vulgær-darwinisme.
I 1996 vart 100 norske vitskapsfolk bede om å nemne den boka dei oppfatta som den viktigaste faglitterære boka gjennom alle tider. Over 40 av desse svarte On the Origin. På bakgrunn av kåringa vart førsteutgåva av verket omsett på nytt og gjeve ut i 1998 som band 1 i Bokklubbens Kulturbibliotek. Førre utgjeving av boka i norsk omsetjing (1889) var av den sjette utgåva.
Utgjevinga av On the Origin of Species markerer ei av dei største idéhistoriske omveltingane i moderne tid, eller kanskje i det heile. Sjølv om Darwin utsette drøfting av implikasjonane til evolusjonen for vår eigen art til ein seinare publikasjon, The Descent of Man i 1871, var det òg openbert at mennesket sin sjølvskrivne plass som «krona på skaparverket» ikkje lengjer kunne oppretthaldast. Dette kolliderte ikkje berre med spesifikt kristne førestellingar, men òg med mange oppfatningar som det hadde herska semje om minst sidan Platon.
Dei mest banebrytande endringane i verdsbiletet var desse:
Teksten til On the Origin of Species ved Wikisource. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article On the Origin of Species, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.