Okra (Abelmoschus esculentus) er ein planteart i kattostfamilien.
Okra | |
Okra | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av okra | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Malvoideae |
Stamme: | Hibisceae |
Slekt: | Abelmoskusslekta Abelmoschus |
Art: | Okra A. esculentus |
Vitskapleg namn | |
Abelmoschus esculentus Moench, 1794 |
Han stammar truleg frå tropisk Afrika, men blir i dag dyrka i ei rekkje tropiske, subtropiske og tempererte område. Okra blir brukt som grønsak, til tauverk og til medisinske føremål.
Okraplanten er ein urteaktig plante som blir opptil 3 m høg. Blada er store og breie. Kapselfruktene har femkanta eller sylindrisk tverrsnitt. Dei er gråaktig grøne med kvitt fruktkjøt og kvite frø. Okra blir brukt i salatar eller som grønsak.
Heile planten kan etast om ein ser bort frå dei vedaktige stilkene. Det er vanlegvis frukta som blir brukt til mat, men også blad, blomar, spirer og frø kan brukast i matlaging. I afrikansk matlaging blir både fersk og tørka, malen okra brukt. Okra kan kokast, steikast, forvellast eller marinerast.
Fibrane i stengelen kan brukast til framstilling av tauverk.
Okra inneheld ca. 21 mg vitamin C, 303 mg kalium, 3,2 g kostfiber, 90 % vatn, 0,1 g fiett og 138 kJ tilført energi per 100 g eten vare.
Ordet «okra» kjem frå igbo ọ́kụ̀rụ̀. Andre namn på okra er «grønsakhibisk». På engelsk er han også kjend som gumbo, som også er namnet på ein cajunrett der ein bruker planten, og lady's finger. På ulike bantuspråk er namnet (ki)ngombo eller ein variant, og dette kan vera opphavet til namnet gumbo, via spansk/portugisisk quingombo.
Okra blir gjerne kalla gombo på fransk, men er kjend som cabo eller lalo på Réunion, Haiti og Mauritius og calou i Fransk Guyana.
Han er kjend som bamya i Hellas, Tyrkia og Sudan, gnawia eller ganaouia i Algerie, Tunisia og Marokko, mloukhia i Marokko, darraba på lokal arabisk i Tsjad, nkui i Kamerun, dongó dongó i Folkerepublikken Kongo, fétri på ewe i Togo og poût barang (ពោតបារាំង) 'fransk mais' i Kambodsja.
På hindi og nærskylde språk er grønsaken kjend som bhindi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Okra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.