Nysibirøyane

Nysibirøyane (russisk: Новосибирские острова, Novosibirskije Ostrova) er ei øygruppe nord for Aust-Sibir mellom Laptevhavet og Aust-Sibir-havet.

Dei høyrer til republikken Sakha i Russland.

Nysibirøyane
Nysibirøyane.
Nysibirøyane
Plasseringa til Nysibirøyane.

Sjølve Nysibirøyane eller Anzjuøyane, dekkjer eit landområde på om lag 29 000 km² og består av

  • Kotelnyjøya (о. Котельный) 11 700 km² og Faddejevskijøya (о. Фаддеевский) 5300 km². Desse er eigentleg del av same øy og er knytt saman av ei slette som heiter Bunge Land (земля́ Бунге) 6200 km², som ligg så lågt over havet at ho stundom er oversvømd. Like nordvest for Bunge Land ligg to øyar, Zjeleznjakovøya (Ostrov Zjeleznjakova) og Matarøya. Begge desse er om lag 5 km lange.
  • Nanosnyjøya 76°16′59″N 140°24′58″E / 76.283°N 140.416°E / 76.283; 140.416 er ei lita øy nord for bukta mellom Kotelnyj og Bunge Land. Ho er forma som ein C og er 4 km lang. Ho er den nordlegaste øya i Nysibirøyane.
  • Novaja Sibir (о. Новая Сибирь) 6200 km²
  • Belkovskijøya (о. Бельковский) 500 km²

I sør og nærare kontinentet ligg Ljakovskijeøyane (6095 km²):

Den vesle øygruppa De Long-øyane (228 km²) ligg nordaust for Novaja Sibir. Desse øyane vert ikkje alltid rekna som ein del av Nysibirøyane:

Nysibirøyane er lågtliggande og det høgaste punktet er Malakatyn-Tas på Kotelnyjøya med ei høgd på 374 meter over havet.

Nysibirøyane var ein gong store åsar på Den store arktiske sletta som ein gong danna den nordlege delen av Beringia i sein kvartær mellom Sibir og Alaska under Siste glasiale maksimum. Desse øyane er det som er att av ei om lag 1,6 millionar kvadratkilometer stor slette som i dag ligg under Nordishavet, Aust-Sibir-havet og Laptevhavet. I perioden rundt siste glasiale maksimum var havnivået 100-120 meter under dagens havnivå og kystlinja låg 700-1000 km lenger nord enn i dag. Det var ikkje mykje is på sletta i denne perioden fordi ho låg i regnskuggen til isbreane som dekte Nord-Europa. Det meste av Den store arktiske sletta kom under vatn, bortsett frå Nysibirøyane og andre isolerte øyar, over relativt kort tid, om lag 7000 år, under tidleg eller midt i holocentida.

I det ekstremt kalde polarklimaet under Siste Glasiale Maksimum, for 17 000-24 000 år sidan, vart det danna små passive isbrear på De Long-øyane. Delar av denne isen er bevart på Jeannette, Henrietta og Bennettøyane. Spor av tidlegare isbrear er bevart på Zjokovøya i form av fjellsider, dalbotnar og is under overflata.

Geologi

Som rapportert av Digby og fleire rapportar seinare, består øygruppa av ei blanding av folda og forkasta sedimentære og vulkanske bergartar frå ein tidsepokar som varierer frå prekambrium til pliocen. Ljakovskijøyane består av folda og forkasta metamorfe bergartar. Frå øvre paleozoikum til triastida finn ein sandstein og skifer, frå juratida til nedre krittida finn ein turbiditt, granitt frå krittida, samt ofiolitt. Anzjuøyane består av sterkt forkasta og folda assosiasjonar av kalkstein, dolomitt, sandstein, skifter vulkanoklastiske lag og vulkanske bergartar frå ordovicium til devontida, sandstein og skifer frå paleozoikum og triastida, turbiditt frå juratida til nedre krittida, og sandstein og skifer frå øvre krittida til pliocen. De Long-øyane består av sedimentære og vulkanske bergartar frå tidleg paleozoikum, mellompaleozoikum, krittida og neogen, hovudsakleg basaltiske bergartar. Desse sedimentære, metamorfe og vulkanske bergartane er dekte av lause sediment frå kvartærtida og holocen i lag med tjukkleik frå ein meter til om lag 35 meter.

Digby skreiv òg at enkelte tidlege artiklar om Nysibirøyane feilaktig sa at dei, og ofte andre arktiske øyar som Wrangeløya, bestod av mammutbein og støttenner eller is, sand og bein frå mammutar og andre utdøydde pattedyr. Nokre av desse artiklane var skrive av personar, som pastor D. G. Whitney, som aldri hadde vitja øyane og berre støtte seg til handelsmenn og reisande, eller lokale segner.

Elfenbein

Baron Eduard V. Toll skreiv i sin rapport om Nysibirøyane om store mengder fossile elfenbein på øyane. Elfenbeina, samt bein frå mammutar og andre dyr er nyleg funne på strender, elveterrasar og elveleier. Heile mammutskjelett, og bein og skjelett frå nashorn, moskusokse og anna megafauna er bevart av permafrosten på desse øyane. Nokre av desse er 200 000 år gamle.

Klima

Øyane har arktisk klima og snødekke ligg på øyane i ni månader av året. Middeltemperaturen i januar er frå −28 °C til −31 °C. Temperaturen i juli er låg ved kysten på grunn av det kalde havvatnet. Maksimumstemperaturane varierer i snitt frå +8 °C til +11 °C og minimumstemperaturane frå -3 °C til +1 °C. Dei indre områda på øyane har i juli ein gjennomsnittleg temperatur på +16 °C til +19 °C og ein minimumstemperatur på +3 °C til +6 °C. Den normale årsnedbøren er opp mot 132 mm i året.

Permafrost og undergrunnsis er svært vanleg. Overflata er dekt av arktisk tundravegetasjon og mange innsjøar.

Historie

Første gong Nysibirøyane vart skildra var på byrjinga av 1700-talet av kosakken Jakov Permjakov. I 1712 nådde ein kosakkisk styrke leia av M. Vagin Bolsjoj Ljakhovskij. På byrjinga av 1800-talet vart øyane utforska av Jakov Sannikov, Matvej Gedensjhtrom og andre.

I 1809-1810 reiste Sannikov Gedensjhtrom til Nysibirøyane for å kartlegge dei. Sannikov rapporterte om eit nytt land nord for Kotelnyj i 1811. Dette var opphavet til myta om Zemlja Sannikova eller Sannikov Land.

I 1886 vitja baron Eduard von Toll Nysibirøyane første gong og meinte at han kunne sjå land norf for Kotelnyjøya, som han meinte kunne vere det såkalla Zelmja Sannikova. Toll vitja øyane igjen våren 1892 i lag med ein kosakk og tre innfødde. Han reiste over isen på hundresledar og nådde sørkysten av Bolsjoj Ljakovskij. Langs sørkysten av denne øya fann von Toll godt bevarte bein, elfenbein, torv, tre og sjølv eit tre i 40 meter høge klipper i sediment frå sein kvartærtid i permafrosten, som hadde samla seg opp dei siste 200 000 åra.

Kjelder

75°16′N 145°15′E / 75.267°N 145.250°E / 75.267; 145.250

Tags:

Nysibirøyane GeologiNysibirøyane KlimaNysibirøyane HistorieNysibirøyane KjelderNysibirøyaneAust-SibirAust-Sibir-havetLaptevhavetRussisk språkRusslandSakha

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KorrespondentErik AndersenItaliaHellas i antikkenNM i bryting 1974Marcus & MartinusPeriklesBuskerud fylkeNotfiskeSikhismenAndre verdskrigenPindéosProfessor emeritusKirunaMartha SkrettebergFredrik SolvangEkstaseSola kommuneGaukEikefjord idrettslag2020Klima i ArgentinaAust-Arjithéa157UkrainaDødsstraffPeter GabrielTríkalaDet ukrainske alfabetetHolbækEmma EllingsenEli Skolmen RygEvnukkArjithéaOdd NordstogaHomofiliDesta Marie BeederAsh Sharqiyah-regionen i OmanBrasilKristopher SchauNasjonalbiblioteketDigital object identifierApeMarianegropaJerpeABBARoger KjendalenNato-alfabetetTidvatnDickey BettsHanumanAlmyrósMoldedialektJa, vi elsker dette landetVipeTerje StrømdahlSjakkDurgaHar SedomHellerman RocksSyndikalismeDen austerrikske arvefølgjekrigenHlíðarfjallAbdusamet YigitFørste maiRekreasjonRio de JaneiroJohn ScofieldMount EverestTwitter🡆 More