Granitt

Granitt er ein vanleg og mykje nytta bergart.

Han er ein magmatisk bergart og har ein middels til grovkorna struktur. Namnet på bergarten kjem frå latin granum, som tyder korn, og viser til den grovkorna strukturen i steinen. Granittar kan vere alt frå raudleg til gråaktig, avhengig av den kjemiske og mineralogiske samansettinga. Granitt er definert til å ha ein fargeindeks på mindre enn 25 % (altså kor mange prosent av steinen som består av mørke stoff). Frambrot av granitt dannar av ofte knausar og avrunda massiv.

Granitt
Granitt
Granitt i ein vegg på Jersey.
Kjenneteikn
GruppeMagmatisk
Hovudmineralkvarts, alkalifeltspat, plagioklas
Identifikasjon
Bruksområdebyggstein,
brustein, m.m.
Tettleik1,74 - 2,80 gj. 2,64

Granitt er nesten alltid massiv (manglar indre strukturar) og hard og den særskilde eigenskapen til steinen er at han lèt seg dela i tre retningar – horisontalt og to gonger vertikalt og desse kløyvningsretningene står vinkelrett på kvarandre. Dette særdraget gjer granitten veleigna til produksjon av bruksstein; brustein, murblokker og finstein. Den gjennomsnittlege tettleiken til granitt er kring 2,65 g/cm3, trykkstyrken ligg over 200 MPa og viskositeten ved standard temperatur og trykk er ~4,5 • 1019 Pa•s.

Granitoidar vert nytta som eit skildrande uttrykk for generelt, lyse, grovkorna magmatiske bergartar som krev petrografiske undersøkingar for fastsetje kvar bergart det er snakk om.

Mineralogi

Granitt 
Sirkelforma granitt nær byen Caldera, nord i Chile

I streckeisen-klassifikasjon er granitt klassifisert som grovkorna plutoniske bergartar og vert namngjeven etter prosentdelen av kvarts, alkalifeltspat (ortoklas, sanidin eller mikroklin) og plagioklas. Verkeleg granitt inneheld i moderne petrologi både plagioklas og alkalifeltspat. Når ein granitoide er utan eller nesten heilt utan plagioklas vert bergarten kalla alkaligranitt. Når ein granitoide inneheld mindre enn 10 % ortoklas vert han kalla tonalitt; pyroksen og amfibol er vanlege i tonalitt. Ein granitt som inneheld både muskovitt- og biotitt-glimmer vert kalla ein binær eller to-glimmer-grantt. To-glimmer granittar inneheld vanlegvis mykje kalium og lite plagioklas, og er vanlegvis ein S-type eller A-type granitt i streckeisen-klassifikasjonen. Den tilsvarande vulkanske granitten til plutonisk granitt er rhyolitt. Granitt har ein dårleg primær permeabilitet, men god sekundær permeabilitet.

Kjemisk samansetting

Eit globalt gjennomsnitt av den kjemiske samansettinga til granitt, etter prosent av vekta er:

Granitt 
Stawamus Chief er ein monolitt av granitt i British Columbia
  • SiO2 — 72.04%
  • Al2O3 — 14.42%
  • K2O — 4.12%
  • Na2O — 3.69%
  • CaO — 1.82%
  • FeO — 1.68%
  • Fe2O3 — 1.22%
  • MgO — 0.71%
  • TiO2 — 0.30%
  • P2O5 — 0.12%
  • MnO — 0.05%

Basert på 2485 analysar

Førekomst

Granitt finst i dag berre på jorda der han utgjer ein stor del av kontinentalskorpa. Granitt oppstår ofte som relativt små, mindre enn 100 km² stokkmassar (stokkar) og i batolittar er dei ofte knytte til orogene fjellkjeder. Små gangar av granittisk samansetting kalla aplittar finn ein ofte i randområda rundt granittiske intrusjonar. Somme stader finn ein særs grovkorna pegmatittmassar i lag med granitt.

Granitt har trengt seg inn i jordskorpa i alle geologiske periodar, men mykje av han er frå prekambrium. Granittisk stein er spreidd over heile kontinentalskorpa og er det vanlegaste grunnfjellet som ligg under eit relativt tynt sedimentært lag på kontinenta.

Opphav

Granitt 
Nærbilete av granitt i Chennai i India.

Granitt er ein vulkansk bergart og er danna av magma. Granittisk magma har mange potensielle opphav, men må trengast inn i andre bergartar. Dei fleste granittintrengingane har skjedd djupt i grunnfjellet, vanlegvis meir enn 1,5 km og heilt ned til 50 km ned i den i grunnen. Opphavet til granitt er omstridd og har ført til mange klassifiseringssystem. Klassifiseringsskjemaa er regionale og ein har mellom anna både franske, britiske og amerikanske system.

Geokjemisk opphav

Granittoidar finst over alt i grunnfjellet. Dei har vorte krystallisert frå magmaer som har samansetting ved eller nær eit eutektisk punkt. Magmaer vil utvikle seg mot det eutektiske på grunn av magmatisk differensiering, eller fordi dei representerer låg grad av delvis smelting.Fraksjonskrystallisering gjer at smelta vert redusert i jern, magnesium, titan, kalsium og natrium og beriker smelta i kalium og silisium - alkalifeltspat (rikt på kalium) og kvarts (SiO2), er to av minerala som definerer granitt.

Granitt 
Nærbilete av granitt frå Yosemite nasjonalpark, dalen til Merced River

Denne prosessen oppstår uavhengig av opphavet til magmaen som skapar granitten og den kjemiske samansettinga. Samansetting og opphavet til magmaen som vert omgjort til granitt, etterlet visse geokjemiske spor og mineralspor som kan peike mot kva den opphavlege bergarten var før han smelta. Den endelege mineralogien, teksturen og den kjemiske samansettinga til granitt er ofte særeigen for opphavet. Til dømes har ein granitt som er danna av smelta sediment meir alkalifeltspat, medan granitt som er danna av smelta basalt kan vere rikare på plagioklas feltspat. Det moderne «alfabetet» i klassifiseringsskjemaa baserer seg på dette.

Granittisering

Ein gammal teori som ein stort sett har gått bort frå, granittisering, går ut på at granitt vert danna på stader med ekstrem metasomatose av væsker som fører inn stoff, som til dømes kalum, og fjernar andre, som til dømes kalsium, og omformar den metamorfe bergarten til granitt. Dette skulle visstnok skje over ein front som flytta seg. Produksjonen av granitt som følgje av metamorf varme er vanskeleg, men ein har observert dette i visse amfibolitte og granulitte terreng. In situ granittisering eller smelting ved metamorfose er vanskeleg å oppdage, bortsett frå der leucosom- og melanosom-teksturar finst i gneisar. Når ein metamorf stein er smelta er han ikkje lenger ein metamorf stein og er ein magma, så desse bergartane vert sett på som ein overgang mellom desse to, men er ikkje teknisk sett granitt, sidan dei ikkje trengjer inn i andre bergartar. I alle høve krev smelting av fast fjell høge temperaturar, samt vatn og andre flyktige stoff som kan fungere som katalysatorar ved å senke solidustemperaturen til bergarten.

Norske førekomstar

Galleri

Eit lite utval av granittar. Dei fleste har ein polert og blank overflate.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Granitt  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Granitt

Tags:

Granitt MineralogiGranitt FørekomstGranitt OpphavGranitt Norske førekomstarGranitt GalleriGranitt KjelderGranitt BakgrunnsstoffGranittBergartKornLatinMagmatisk bergartMassiv

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Biologisk familieHjerneTidsskriftet ForbesRabagastKorallGuden RaOksidasjonPierre CochereauTorJ.K. RowlingChris BrownTraktorVaskebjørnHaram kommuneVerdsvevenSlaveNord-AmerikaElvar i RusslandZinédine ZidaneSekulærStrilamålTrepunktsopphengFrans av AssisiNynorsk WikipediaSibirOttesens SkipsbyggeriSt Patrick's Cathedral i DublinDer ingen skulle tru at nokon kunne buDen dominikanske republikkenMMIndiaAztekararVisaltíaJa, vi elsker dette landetIP-adresseKari ØklandBankSagaen om IsfolketAkslaParlamentarisme i kommunarDanmarkFrankrikeSlaget om StalingradKjerringDet ukrainske alfabetetMarathiDetaljhandelJan-Olav IngvaldsenBodø kommuneHindutempelLydfartPer HenriksenPico da NeblinaSaudi-ArabiaJernElon MuskISO 4217BilbaoErik AndersenRussiskAnne HoltInvesteringPippi LangstrømpeOppland fylkeJesusFinnøyKredittkortEuropeisk geografiAtenRundeCC AmfiEselNynorskOsloPellucid marginal degenerasjon🡆 More