Permafrost

Permafrost vil seia at det er tele i jorda året rundt.

Medan øvre jordlag kan tina om sommaren, vil dei som er lenger nede alltid vera frosne. Permafrost er vanleg ved dei nordlegaste og sørlegaste breiddegradene. I Noreg er det typisk permafrost i høgfjellet og på Svalbard.

Permafrost
Fordeling av permafrost, tele og snø på den nordlege halvkula. Lilla: Område med permafrost. Blått: Område med tele meir enn 15 dagar per år. Rosa: Område med tele, men berre i mindre enn 15 dagar per år. Tjukk linje: Grense for område med snø.

Vitskapleg er permafrost definert som område der MAGT, (mean annual ground temperature, 'gjennomsnittleg årleg bakketemperatur') ligg under trykksmeltepunktet i minst to år på rad. Dette tilsvarar som oftast område der MAAT (mean annual air temperature, 'gjennomsnittleg årleg lufttemperatur') er −2 °C eller kaldare.

Inndeling

Det finst tre hovudtypar permafrost, eigentleg berre definert etter kor mykje permafrost det er i eit område:

Sporadisk permafrost

Sporadisk permafrost finn ein i område som eigentleg er for varme for å ha permafrost. Men lokale tilhøve gjer at det likevel er isolerte flekkar med permafrost. Typisk er dette i myrområde, som palsmyrar. Dette finn vi mange stader i Noreg, til dømes på Dovre eller i Jotunheimen, rundt 300 til 400 meter lågare enn der vi finn diskontinuerleg permafrost.

Diskontinuerleg permafrost

Diskontinuerleg permafrost finn vi i Jotunheimen, på Dovre, i Sølen, og andre stader i Sør- og Nord-Noreg. Dette er område med mykje permafrost, men som ofte vil vera avbrotne av område utan.

Kontinuerleg permafrost

Kontinuerleg permafrost finn vi mellom anna høgt i Jotunheimen og på Svalbard. Dette er stader der permafrosten er over alt bortsett frå enkelte stader. På Svalbard til dømes er det berre under dei store isbreane det ikkje er permafrost. Her er permafrosten 100 meter tjukk ved kysten mens han er 400 til 500 meter tjukk i fjellområda.

Aktivt lag

Kvar sommar smeltar det øvste laget i permafrosten. Dette blir kalla det aktive laget og vil ha forskjellig tjukkleik avhengig av korleis det lokale klimaet er. Tjukkleiken kan variere frå 0,5 til 5 meter.

Landformar

Permafrost 
Døme på iskilepolygon

Permafrosten gir opphav til ein menge landformar. Dei kan vera:

Infrastruktur i permafrostområde

Bygging i permafrostområde kan vera ei utfordring. Til dømes må alt av kablar og vassrør gå over bakkenivå for ikkje å bli pressa opp av permafrosten og alle oppvarma bygg må plasserast på pelar over bakkenivå så varmestråling ikkje smeltar permafrosten i lausmassane under. Og pelane må vera lengre ned i grunnen enn det aktive laget er tjukt. På Grønland løyser dei problemet på ein annan måte, ved å setja opp bygg på berggrunn.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

Tags:

Permafrost InndelingPermafrost Aktivt lagPermafrost LandformarPermafrost Infrastruktur i permafrostområdePermafrost KjelderPermafrost BakgrunnsstoffPermafrostNoregSvalbardTele

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Petter DassKristiansund BallklubbMarcus & MartinusClaudio MonteverdiIltalehtiFelix MendelssohnFeilslutningVersaillestraktatenFreddie MercuryBokormAkslaDogs av Pink FloydDet første krosstogetFinding DoryEmma EllingsenDS «Iris» (1901)Vesle GaldhøpiggenHelena BrodtkorbRSSO helga nattNynorsk WikipediaProgrammeringsspråket JavaAsbjørnsen og MoeJerpeXboxNoregØystein SundeGustav ValsvikPolenBo WiderbergTeltKommunismeOverarmsbeinJemenStord kommuneFridomssosialismeFørste maiIndiaDet amerikanske flaggetMaiken Caspersen FallaFlåklypa Grand PrixKelly ClarksonEiffeltårnetTidslinje over norsk historiePave Johannes Paul IGorgopótamosRaimbaut d'OrangeGeitJa, vi elsker dette landetForelskingSauHanumanAmalie SkramByar i OmanFarkadónaKari BakkeEuropaRepublikkInkarikets fallDet franske koloniriketPåhengsmotorRagnhild BrochmannHaaretzArtemisDen islamske statenNordfjordeidIngvild KjerkolMjøsaMagnetisk feltstyrkeNyrekapselJærenVisentStavanger kommune🡆 More