Alpint Klima

Alpint klima eller fjellklima er klima ein har over tregrensa i fjellområde.

Klimaet vert kaldare med høgda, som følgje av den adiabatiske temperaturendringa. Den tørradiabatiske temperaturendringa med høgda er om lag 10 °C per kilometer. Dermed vil ein om lag få same temperaturendring om ein flyttar seg 100 m oppover eit fjell, som når ein flyttar seg 80 km nærmare polane. Dette forholdet er derimot berre ein grov tommelfingerregel fordi havet har ein stor påverknad på klimaet.

Alpint Klima
White Mountain i California i USA når 4300 moh. og har eit alpint klima.

I Köppen si klimaklassifisering hamnar det alpine klimaet inn under det arktiske klimaet, fordi ingen av månadane har ein middeltemperatur over 10 °C. Otto Nordenskiöld laga derimot eit alternativt til Köppen sitt system som sa at den varmaste månaden måtte vere minst 9 grader minus 10 % av middeltemperaturen i den kaldaste månaden. T.d. om temperaturen i den kaldaste månaden er -20 °C, må den varmaste månaden vere 11 °C. Ein kan då få små skilnadar på kva område som hamnar innanfor det alpine klimaet.

Store delar av fjellområda i Noreg kjem inn under denne arktiske klimatypen.

Sjå òg

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

Tags:

Adiabatisk temperaturendringKlimaTregrense

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÅrstidGåsAlexander KiellandChristianiaKrysotilMuttenVenstre19. aprilPeer Gynt-prisenThor HeyerdahlPannemerke i hinduismenAxetelVik kommuneItaliaSzilveszter CsollányAnders Behring BreivikHadeikumArabisk musikkEtanKelly ClarksonKabaddiHybridhønsAnne HoltBrødskiveLFilmmanusGhanaKlima i AsiaNéo PetrítsiTurbanPrositKonkursDet ukrainske alfabetetTidslinje over norsk historieVerdipapirBiologisk systematikkVictoria av StorbritanniaAstrid LindgrenLyse klosterDen dominikanske republikkenTigerQueenCelsiusJonsokSlaveStore norske leksikonSkipKjerringUrfolkPippi LangstrømpeOperasjon BarbarossaKirunaStaffan stalledrängSwire SeabedBorkSpaniaTyrkiaPetter ThoresenLofotenFriesland i NederlandMangoldEHF-meisterligaen i handball 2013/MennAlver kommuneIltalehtiAngstHovudsideAsker kommuneLagerthaStålkamerateneNasjonalrettEvnukkInga frå VarteigDet norske alfabetetDet italienske flaggetErling SteinveggScrabbleAbkhasia🡆 More