Siste glasiale maksimum (engelsk Last Glacial Maximum, forkorta LGM) viser til tida under den siste istida då isdekket var på sitt største.
Dette fann stad for rundt 21 500-21 000 år sidan. Då var den globale gjennomsnittstemperaturen rundt 5°C lågare enn i dag. Klima over heile verda var tørrare, medan havnivået var rundt 125 meter lågare, ettersom mykje av vatnet i verda låg låst i isen.
På denne tida dekte innlandsis mykje av den nordlege halvkula. I Europa var Skandinavia, Dei britiske øyane Nordaust-Europa og delar av Sibir dekte av det skandinaviske isdekket. Store delar av Nord-Amerika låg under Laurentid-isdekket og andre isbrear. Det fanst også ei mengd brear i fjella i andre område, også sør i verda som i Sør-Amerika og Afrika.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Siste glasiale maksimum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.