43°04′48″N 79°04′16″W / 43.080°N 79.071°W / 43.080; -79.071
Niagarafalla | |||
foss | |||
Land | Canada, USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Niagara | ||
Niagarafalla 43°04′48″N 79°04′16″W / 43.08°N 79.071°W | |||
Wiki Commons: Niagara Falls | |||
Niagarafalla (Niagara, indiansk, «vasstorden») er ei gruppe på tre fossar i Niagaraelva som renn mellom Eriesjøen og Ontariosjøen. Falla fører 5 720 kubikkmeter vatn per sekund, nesten seks gonger meir enn Victoriafalla, og ligg på grensa mellom Ontario i Canada og New York i USA. Fossane er ikkje særleg høge, men særs breie og dei klart mest vassførande i Nord-Amerika.
Canadian Horseshoe falls, òg kjend som Canadian falls, er 792 m brei og 52 meter høg og fører 94 % av vatnet gjennom falla og ligg på den canadiske sida av grensa. Lenger aust ligg American falls, det nest største med ei breidd på 323 meter, og eit fall på berre 21 meter. Vatnet treffer ein steinhaug som raste ut under eit stort steinras i 1954. Bridal Veil Falls ligg like vest for American falls og er nærast uviktig i forhold. Denne ligg òg i USA.
Skip kan passere falla ved hjelp av Welland Canal i Canada.
Fossane er regulerte og ein stor del av vassføringa går til produksjon av vasskraft. I samband med dette inngjekk Canada og USA ein avtale i 1929 om vern av falla.
Kraftig erosjon, 0,6 til 3 meter per år, flyttar falla stadig lenger sørover, mot Eriesjøen. Bruk av vatn til kraftproduksjon og enkelte andre tiltak har det siste hundreåret i stor grad minska erosjonen, men sidan botn av falla ligg lågare enn botn av Eriesjøen, vil erosjonen før eller seinare føre til at mesteparten av sjøen blir tømd for vatn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Niagarafalla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.