Naturreservat

Naturreservat er naturområde som er rettsleg verna.

Slike reservat kan lagast for å verna om visse artar, landformer eller økosystem og kan vera viktige for forsking og biologisk mangfald.

Naturreservat
Naturreservatet Ein Afek i Israel.

Noreg

Naturreservat er den strengaste forma for områdevern som finst i Noreg. Mildare former for områdevern er landskapsvernområde og til ei viss grad nasjonalparkar. Freding som naturreservat skjer med heimel i Naturvernlova og på Svalbard med heimel i Svalbardmiljølova.

Per 1. januar 2006 hadde Noreg 1 753 naturreservat med eit samla areal på 3 846 km², noko som svarar til 1,2 % av arealet i Noreg. I tillegg har Svalbard 21 reservat på til saman 25 314 km², 41,5 % av arealet på øygruppa. Det største naturreservatet i Noreg ligg på Svalbard, Nordaust-Svalbard naturreservat. Dette blei oppretta 1. juli 1973 og omfattar eit areal på 55 354 315 dekar, inkludert havområda.

Naturreservata omfattar urøyvd eller tilnærma urøyvd natur, eller dei er ei spesiell naturtype av vitskapleg eller pedagogisk tyding. Eit naturreservat kan totalfredast, eller fredast for bestemte formål. Spesielt viktige våtmarksområde av internasjonal tyding kan også fredast som såkalla ramsarområde.

Naturreservat blir oppretta ved kongeleg resolusjon. Fylkesmennene er forvaltningsmynde for dei fleste av verneområda. På Svalbard er reservata forankra i Svalbardmiljøloven, og her er det sysselmannen som er forvaltningsmynde.

Sjå også

  • Ramsarområde (våtmarksområde med internasjonal vernestatus)
  • Områdevern
  • Verneområde i Noreg

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Tags:

Naturreservat NoregNaturreservat Sjå ogsåNaturreservat BakgrunnsstoffNaturreservat FotnotarNaturreservatArtBiologisk mangfaldLandformØkosystem

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ole PausDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenBobby Brown Goes DownJohann Sebastian BachTolvfingertarmLangfredagOpphavsrettVinje kommuneInternasjonalenAlaskaMagnus CarlsenMusculus latissimus dorsiScrabbleKristian IV av Danmark-NoregGoMTidslinje over norsk historieApureMauser-rifle M98Marianne Sivertsen NæssOslo kommunePrins Harry, hertug av SussexMultiplexerStèreTorskSteinerskularVierslektaBergen rådhusE slåttatæjaWenche MyhreBerlinmurenPintAserbajdsjanWienDelawareelvaTsjekkiaJens StoltenbergOksygenGolden Gate BridgeÅ Vestland, VestlandSikhismenRoald AmundsenThoriumkraftverkKristoffer ColumbusDet indiske kastesystemetØresundbruaSvartedauenSør-Kina-havetHenrik WergelandJohan BojerSandnessjøenDaddelHalloBisolHindugudarPer PaustNedbørABBAJonsereds Fabrikers ABImportordIngolf MorkCarl LarssonLaraHollandHalo i meteorologiPjotr TsjajkovskijLufttrykkDen amerikanske revolusjonenHomofiliTrekanthandel🡆 More