Bjørnøya naturreservat er eit naturreservat som blei oppretta i 2002.
Naturreservatet omfattar heile Bjørnøya medrekna dei marine områda ut til tolv nautiske mil. Reservatet dekkjer ca. 177 km² landareal (medrekna ferskvatn) og ca. 2805 km² av havområda rundt øya. Unntatt er ca. 1200 dekar rundt den meteorologiske stasjonen nord på Bjørnøya.
Reservatet er meint som eit vern for det særeigne og tilnærma urørte økosystemet på Bjørnøya. I 2011 blei reservatet også utpeikt som ramsarområde.
Kart over Bjørnøya Arkivert 2007-09-20 ved Wayback Machine. Detaljkart sør Arkivert 2007-09-20 ved Wayback Machine. Detaljkart nordaust Arkivert 2007-09-20 ved Wayback Machine.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bjørnøya naturreservat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.