Nasjonalbibliotek er eit bibliotek som har som hovudoppgåve å syte for å få samla inn, teke vare på og gjere tilgjengeleg dei bøkene og somme andre spesifikke typar trykksakar som har kome ut i landet, og i seinare tid dessutan materiale som er publisert over internett.
Nasjonalbiblioteket har gjerne rett til å få eit nærare fastsett mengd eksemplar av kvar nyutgjeving i landet tilsendt utan kostnad, såkalla pliktavleveringseksemplar.
Ofte ligg det òg til eit nasjonalbibliotek å take vare på gamle historisk verdfulle handskrift. Fotografi og anna biletmateriale, forfattarars bokmanuskript, brev og anna, og ymse materiale som ikkje er offentleggjort, men av offentleg og forskingsmessig interesse å take vare på for ettertida, er det òg ofte lagt til nasjonalbiblioteket å take vare på. Somme administrative oppgåver av offentleg karakter, som til dømes å tildele ISBN-nummer (internasjonalt standard boknummer) til bøker som vert gjeve ut i landet, og halde eit register over utgjevingar og publikasjonar, er dessutan av dei oppgåvene som gjerne er lagt til nasjonalbiblioteket.
Nasjonalbiblioteka er vanlegvis statlege, og i dei fleste land er det slike bibliotek. Mange land som framleis er kongedøme eller som tidlegare har vore kongedøme, har eit nasjonalbibliotek med opphav i tidlegare kongelege boksamlingar, til dømes Bibliothèque nationale de France. I Danmark har nasjonalbiblioteket namnet Det Kongelige Bibliotek, i Sverige er namnet Kungliga biblioteket, men i Finland er det universitetsbiblioteket i Helsinki, Helsingin Yliopiston Kirjasto, som har denne funksjonen. Andre bibliotek med same funksjon er Landsbókasafn Íslands på Island, Deutsche Nationalbibliothek i Tyskland, The British Library i England, Library of Congress i USA og Russiske statsbibliotek i Russland. I Noreg har Nasjonalbiblioteket desse oppgåvene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nasjonalbibliotek, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.