Le Noise

Le Noise
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 28. september 2010
Innspelt 2010
Studio Le Noise i Los Angeles i California (heimen til Daniel Lanois)
Sjanger Folkrock, garasjerock, eksperimentell rock
Lengd 37:59
Selskap Reprise
Produsent Daniel Lanois
Neil Young-kronologi 
Dreamin' Man Live '92
(2009)
Le Noise A Treasure
(2011)

Le Noise er det 34. albumet til Neil Young, gjeve ut 28. september 2010. Albumet vart spelt inn i Los Angeles og produsert av Daniel Lanois (tittelen er eit ordspel på etternamnet hans).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsLe NoiseLe NoiseLe NoiseLe Noise
BBC Online(positiv)
Guardian4/5 starsLe NoiseLe NoiseLe NoiseLe Noise
Pitchfork(7.6/10)
PopMatters(9/10)
Rolling Stone4/5 starsLe NoiseLe NoiseLe NoiseLe Noise
Slant4/5 starsLe NoiseLe NoiseLe NoiseLe Noise

Innspeling

Young ringde først til Daniel Lanois tidleg i 2010 med ønske om å lage eit akustisk album, etter å ha sett videoar på Internett der Lanois og lydteknikaren Mark Howard arbeidde på Black Dub. Innspelinga fann stad i eit mellombels studio i huset til Lanois i Silverlake. Då dei prøvde å spele inn «Hitchhiker», ein song Young skreiv i 1970-åra, kjende Young at det ville passe betre å spele elektrisk gitar. To songar, «Love and War» og «Peaceful Valley Boulevard», vart verande i akustisk form, medan resten vart spelt inn med elektrisk gitar. Howard og Lanois brukte dub-teknikkane dei hadde utvikla medan dei arbeidde på Black Dub. Dette skapte ein markant gitarlyd av Young, som spelte på ein Gretsch White Falcon med stereo-pickups gjennom to Fender Deluxe-forsterkarar og ein Eventide H3500 subharmonisk generator. Både gitar og røyst vart handsama med forseinkingseffektar frå Lexicon Prime Time og TC Electronics Fireworks. Lanois og Howard brukte effektane i sanntid og Young kunne høyre resultatet gjennom monitorane. Howard sa «når du stod i midten av rommet så var det den beste lyden du nokon gong har høyrt. Det var utruleg. Me hadde høgtalarane på fullt og når du tok på veggane så rista dei. Det var nesten som eit jordskjelv! Neil pressa oss og sa 'Hei karar, det er flott, men ta det opp eit hakk. Gje meg meir av det!' Så etter innspelingane gjekk me inn der igjen med dei fleste songane og fanga visse ord og uttrykk og dubba dei».

Den originale versjonen av «Hitchhiker», spelt inn i 1976, kom ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker.

Utgjeving

Den 20. august skreiv Young på Facebook at utgjevinga skulle kome i forskjellige format, som BD og ein app for iPhone og iPad) og skreiv òg at det var berre han som spelte på albumet. Le Noise kom ut 2. september og det vart laga ein svartkvit film av alle songane, filma i studio av Adam CK Vollick. Desse kom ut på YouTube og på DVD. Videoar for «Angry World», «Hitchhiker», «Love And War» og «Walk With Me» hadde première separat før albumet kom ut.

Songen «Angry World» vann Grammyprisen for beste rockesong av ein soloartist.

Mottaking

Le Noise fekk generelt positive meldingar og Uncut kåra det til det nest beste albumet i 2010 på Topp 50-lista si for det året. På ei tilsvarande Topp 30-liste for 2010 i Rolling Stone hamna albumet på 20. plassen.

Albumet gjekk til andreplassen på den kanadiske albumlista og selde over 10 000 eksemplar. I Noreg nådde albumet tredjeplassen og i USA 14. plassen.

Innhald

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«Walk with Me»4:25
2.«Sign of Love»3:58
3.«Someone's Gonna Rescue You»3:29
4.«Love and War»5:37
5.«Angry World»4:11
6.«Hitchhiker»5:32
7.«Peaceful Valley Boulevard»7:10
8.«Rumblin'»3:39

Medverkande

  • Neil Young - gitar, vokal
    Teknisk
  • Daniel Lanois - produksjon, innspeling
  • Mark Howard - innspeling
  • Keisha Kalfin - assisterande produsent i Los Angeles
  • Margaret Marissen - assisterande produsent
  • Elliot Roberts - rettleiing
  • Gary Burden, Jenice Heo - kunstnarisk leiar
  • Adam CK Vollick - fotografi

Salslister

Liste (2010) Plassering
Den kanadiske albumlista 2
Europeiske Topp 100 album 10
Den norske VG-lista 3
Den tyske albumlista 22
UK Albums Chart 18
U.S. Billboard 200 14

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Le Noise InnspelingLe Noise UtgjevingLe Noise MottakingLe Noise InnhaldLe Noise MedverkandeLe Noise SalslisterLe Noise KjelderLe Noise BakgrunnsstoffLe Noise

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ZirósGresk mytologiPeter F. WolfCasanova av SupergruppaAndre verdskrigenMSpekkhoggarFuglarVestmannaeyjar lufthamnFrits ThaulowPanterHound DogOlga DanilovaAegisMikal KirkholtSnow White and the Seven DwarfsMykeneJacques BrelLohengrin sjokoladeTallerkenGrunnstoffliste etter atomnummerHurtigrutaDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenSkigardsviseNasjonaldagSudanVest-MakedoníaØrsta kommuneWilliam OrpenMogopSteinLundefuglSang til BergenNord-KoreaOperahuset i OsloTwitterDet britiske riksvåpenetFrøylandsvatnetTryggve AndersenSekretær som møbelProgrammeringsspråket JavaNytt på nyttMrs. RobinsonSlaget om StalingradAnatolij FirsovCarles PuigdemontKjerringa med stavenKinas kommunistpartiSola kommuneKrigManuela Di CentaLise AmundsenHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorKapitalismeStand by MeFridomHagebruksreiskapBuddhisttempelParagrafKrøllalfaKristin ClemetDen raude plassenBrennverdiFilmen Land og fridomSirkelNorskLarge Binocular TelescopeGrønstilkTimeglasFuruJerry Leiber og Mike StollerBjørkefinkCreative CommonsVangsgutane🡆 More