Kosovorotka (russisk косоворо́тка, av koso, 'skrå', og vorotnik, 'krage') er ei vid, sid skjorte med lange erme, låg ståkrage i halslinninga og frontopning med knappar litt til venstre og halvveges ned på brystet.
Kosovorotka er del av den tradisjonelle folkedrakten for menn i Russland. Skjorta blir vanlegvis boren over buksene og har ofte eit tøybelte med frynsar knytt på den venstre sida til beraren. Finare skjorter er ofte dekorerte med broderi i form av slaviske ornament langs kantar, på erma, brystet og kragen.
Kosovorotka blei tidlegare brukt både som arbeidskittel og stasskjorte, som ytterplagg på sommaren, eventuelt saman med vest, eller som inneplagg eller undertrøye, til dømes under ein fotsid kaftan eller kortare jakke. Plagget blir no berre brukt som festplagg og i oppvisingar med folkekultur og liknande.
Kosovorotka er òg omtalt som tolstovka («Tolstoj-skorta») etter diktaren Lev Tolstoj som ofte kledde seg i tradisjonell bondedrakt med vid, sid skjorte på dei gamle dagane sine.
Tradisjonelle «russarskjorter» og tunikaforma kjolar kan òg kallast rubasjka (рубашка, «skjorte») eller rubakha på russisk. Snitt, fargar og materialar har variert. Opninga føre har ofte òg vore sentrert, ikkje berre på sida, men vanlegvis ikkje heilt ned som på jakker og «vestlege» skjorter.
Russiske soldatar brukte gymnasterka, «russarblusar» som sommaruniform allereie før fyrste verdskrigen. Opphavleg var desse ofte kvite, men dei fekk seinare ein kamuflerande feltfarge. Troppar i Den raude armeen bar òg slike kitlar frå 1920- til 1950-talet. Plagga fekk etter kvart både praktiske brystlommer, nedfelt krage og skulderklaffar.
Ulike variantar av vide «bunadskjorter», gjerne kvite, broderte og med belte, finst i mange slaviske folkedrakter. Ein liknande kittel med broderi er til dømes den ukrainske sorosjka (i fleirtal sorosjki; Сорочка på russisk blir bruka om «underskjorte», «nattskjorte», «nattkjole» og liknande).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kosovorotka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.