Kjetil, òg skrive Ketil eller, sjeldnare, Kjetel eir eit mannsnamn, frå norrønt Ketell eller Ketill.
Namnet tydar «kjele», truleg i tydinga «offerkjel». Truleg er namnet ei avstutting av former som Torketill og Arnketill, og er i slekt med Kjell. Andre moderne former av namnet er Kittil og Kittel.
Kjetil har namnedag 11. juli.
Namneform | Brukarar¹ |
---|---|
Kjetil | 10 452 |
Ketil | 2 619 |
Kittil | 98 |
Kjetel | 17 |
Kittel | 13 |
¹ (Nordmenn som har namnet som første eller einaste føremnamn. Kjelde: SSB) |
Kjetil var vanleg i mellomalderen, spesielt i Buskerud, Telemark og Agderfylka. Var svært populært i etterkrigstida og fram til 1990-åra.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kjetil, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.