Koiné (fellesspråk) er namnet på det greske administrasjons- og talemålet i det Hellenske riket.
Talemålet er basert på den attiske dialekten, men har ein del ikkje-attiske drag, særleg frå jonisk. Det nye testamentet er skrive på Koiné.
Etter mønster frå koiné-gresk blir koinéspråk nytta i lingvistikken om standardspråk eller -dialektar. Koinéspråk oppstår på grunn av språkkontakt mykje på same vis som pidgin- og kreolspråk, men der utgangsspråka er innbyrdes forståelege. Sidan talarane forstår einannan før koinéspråket blir til, går ikkje koiniseringa like fort som danninga av pidginspråk. Eit koinéspråk oppstår som eit nytt talemål attmed dialektane det er basert på, det endrar ikkje på nokon eksisterande dialekt. Dette skil koinisering frå dialektendring.
Danna daglegtale er eit dansk-norsk koinéspråk som bokmål er basert på.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Koiné, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.