Pidginspråk

Pidgin eller pidginspråk er språk med forenkla grammatikk og mindre ordforråd som blir brukt som hjelpespråk av folk med svært ulike språkbakgrunnar.

Pidginspråk kan oppstå i samband med handel og reise, og var særleg vanlege under kolonitida då mange ulike kulturar kom i kontakt med kvarandre. Pidginspråk er ikkje morsmål til nokon av talarane sine. Om det oppstår eit språksamfunn rundt pidginspråk, vil dei bli meir kompliserte og utvikla seg til kreolspråk.

Pidginspråk
Illustrasjon av språkblandingar som kan føra til pigdinspråk: Kinesisk og engelsk har danna kinesisk pidginengelsk, norsk og russisk har danna russenorsk.

Mange pidginspråk oppstod langs hovudvegane for slavehandelen i Vest-Afrika og Karibia. Andre oppstod andre stader i Amerika eller rundtom i Stillehavet, som Hawaii-engelsk. Frå Noreg kjenner ein russenorsk, som blei skapt av russarar og nordmenn under pomorhandelen.

Utviklinga av pidginspråk avheng av situasjonen dei blir til i. Svært mange språk oppstod med formenn, slavedrivarar eller andre styrarar som talte eitt språk (som portugisisk, fransk eller engelsk), og arbeidarar eller slavar som talte fleire andre. I desse høva blei gjerne språket til dei som stod høgare basisen for pidginspråket, såkalla superstratum. Det bidrog med det grammatikalske grunnlaget og størstedelen av ordforrådet. Andre språk som bidreg med færre ord blir kalla substratum. I pidginspråk som oppstår mellom meir likeverdige partar, som handelsspråket russenorsk, kan språka som pidginspråket byggjer på, bidra omtrent like mykje.

Ordet «pidgin» er kjend frå midten av 1800-talet som nemninga på eit språk som blei brukt i kontakten mellom britar og kinesarar i Austen. Tydinga er ikkje kjend, men ordet kan visa til den kinesiske måten å seia «business» på.

Kjelder

Pidginspråk  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

GrammatikkHandelKreolspråkMorsmålOrdforrådReiseSpråk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Harald V av NoregEpiPenDag HammarskjöldNanoteknologiKolonialhandelJordaKorrespondentVest-TysklandSøppelKjerringa med stavenGro Harlem BrundtlandFærøyaneIltalehtiVardø kommuneJon AlmaasArgentinaVelosipedArne SørliSagaen om IsfolketGeorg Wilhelm Friedrich HegelHundKyprosSaltBergen kommuneSoppMakrakómiSunnmøreKrøllalfaBulgariaDomokósLongyearbyenSkhimatáriRolf WiderøeJeff KinneyPN-overgangChristmasøyaInternasjonal telefonkodeSolgangsbrisSverigeSørlandetBiologisk familieBojarenes inntogsmarsjKaptein SabeltannCotangensJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageUN-nummerDan Børge AkerøJohn IllsleyNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Knut Marius DjupvikNitrogenTerje StrømdahlBolsjevismeJamstellingsvedtaketProfessor emeritusDet buddhistiske livshjuletAkselByar i HellasFader vårSlumdog MillionaireAristotelesMediaWikiSatyajit RayBengaltigerMagnus CarlsenSamleieMidsommarDurgaVår StaudeÅmot i ModumHypoteseTom HagenLungebetennelseJournalistikkT-banen i Oslo🡆 More