Khowar er eit språk som blir tala i Chitral, Yasin-dalen, Gilgit-dalen og Swat i Pakistan.
Khowar høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, og er i den dardiske undergruppa av den indoariske greina.
Khowar كهوار | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk Dardiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Pakistan | |
Khowartalande i alt | Ca. 240 000 | |
Skriftsystem | Khowarskrift, avleidd av det persiske alfabetetet | |
Normert av | ikkje offisielt | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | ine | |
ISO 639-3 | khw |
Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) byrja utforskinga av khowar under eit opphald i Chitral i 1924, og publiserte seinare tre viktige artiklar:
Tidlegare var språket kjent frå skildringar laga av britiske oppdaginsreisande og kolonioffiserar; jf. mellom anna O’Brien (1895). I lag med Wazir Ali Shah publiserte Morgenstierne i 1959 nokre songar (Wazir Ali Shah and Morgenstierne 1959).
Den innfødde talaren Muḥammad Ḥusām al-Mulk Citrāli har publisert desse bøkene om khowar:
Den tyske språkforskaren Georg Buddruss (1929–) gav i 1977 ut ein artikkel, "Khowār–a new literary language of Chitral (Pakistan)", om utviklinga av khowar som skriftspråk. Buddruss (1982) er ein del khowartekstar i arabisk skrift.
To norske språkforskarar, Knut Kristiansen (1928–1999) og Rolf Theil (1946–), publiserte i 1981 ein artikkel (Endresen and Kristiansen 1981) der dei presenterer (a) ein gjennomgang av soga til utforskinga av khowar, (b) ein analyse av eit eventyr og (c) ein analyse av fonologien; del (b) og (c) byggjer på upubliserte notatar etter Morgenstierne, som er nemnde i artikkelen. Dei samarbeidde med Morgenstierne før han døydde i 1978.
Mellom nyare publikasjonar om khowar kan nemnast L'Homme (1999), ei innføring i språket og kulturen i Chitral.
Khowar er eit SOV-språk, som vist i denne setninga, frå Endresen og Kristiansen (1981):
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Khowar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.