Karen Nilsen

Karen Louise Nilsen (3.

mars">3. mars 18611939) var ein norsk lærar, forfattar og lyrikar som nådde stor popularitet i si samtid.

Karen Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1861
Nordmarka
Død

1939 (78 år)

Yrke lyrikar, skribent, lærar

Liv og virke

Karen Nilsen hadde ein beskjeden familiebakgrunn frå husmannsmiljøet i Nordmarka, og arbeidde som lærar ved folkeskulen i Kristiania. Til debutarbeidet sitt, diktsamlinga Til beslægtede sjæle, fekk ho kunsthistorikaren og forfattaren Lorentz Dietrichson til å skrive føreordet. Dimed var det trygt for Alb. Cammermeyers forlag å gje ut boka. Diktsamlinga vart populær, og kom ut i tre opplag. Temaet Til beslægtede sjæle går igjen i fleire av diktsamlingane hennar. Ho vart den mest produktive og bestseljande kvinnelege lyrikaren i si tid. Trass populariteten nådde ho ikkje noko større vørde i det litterære miljøet.

Kvinders sange frå 1895 er ei påkosta praktutgåve med illustrasjonar av den svenske biletkunstnaren og illustratøren Jenny Nyström.

Kvinneperspektivet står sentralt i lyrikken til Nilsen. Kvinner vert skildra i ulike livssituasjonar, og som offer for mannleg svik, last og dobbeltmoral. Om framandkjensla til sinnet brukar ho sjølv omgrepet «granens søster». Forfattarskapen hennar var konsentrert om perioden 1892–1902, med ein «attpåklatt» i form av diktsamlinga Mens dagene glider – nye digte – til beslægtede sjæle, som vart gjeven ut i 1909. Ifølgje meldaren i Morgenposten bar versa hennar «Bud om et fromt og prøvet Kristensind og en barnlig fortrøstningsfuld Tro».

Ved sida av bokutgjevingane fekk Nilsen publisert ei rekkje dikt i tidsskriftet Urd bortimot år 1900. Bidraga hennar vart også publisert i serien Lyngblomster.

Familie

Karen Nilsen (Nilsdatter) var dotter av leiglendingen Nils Olsen og Andrine Hansdatter Sandungen. Ho gifta seg ikkje.

Bibliografi

  • 1892: Til beslægtede sjæle, Cammermeyer, Kristiania, ny utgåve 1903.
  • 1894: Gransus – nye digte – til beslægtede sjæle, Cammermeyer, Kristiania.
  • 1895: Kvinders sange, med 16 tegninger av Jenny Nyström, Cammermeyer, Kristiania.
  • 1897: Kvinder – Margrete, Cammermeyer, Kristiania.
  • 1898: En sjæls historie, Cammermeyer, Kristiania.
  • 1902: Sigrid Bergne – fortælling, Cammermeyer, Kristiania.
  • 1909: Mens dagene glider – nye digte – til beslægtede sjæle, Cammermeyer, Kristiania.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Karen Nilsen  Commons har multimedium som gjeld: Karen Nilsen

Tags:

Karen Nilsen Liv og virkeKaren Nilsen FamilieKaren Nilsen BibliografiKaren Nilsen KjelderKaren Nilsen BakgrunnsstoffKaren Nilsen186119393. marsForfattarLyrikkLærar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HavørnSlaget i HafrsfjordKvamsøya på SunnmøreUkrainsk matLuftfartøySilje NordnesKopplamMarit BjørgenSelje klosterSportsjournalistenes statuettAsbjørnsen og MoeNeville ChamberlainStilarkIndiaToscakakeSukroseCelsiusBiePireus prefekturLyse klosterJerusalemBonitetRune GjeldnesHøyMaskorama (sesong 4)TorremolinosMarianegropaSang til BergenFalcon 9Bjørnstjerne BjørnsonLitauenDompap1039Bokfink4. maiAttikíMaud av NoregMjøsbruaTrizínaWikiGardasjøenMytilíniThomas JeffersonChiavariHellenismeKristina av SverigePanterDurgaHanamiInternasjonal telefonkodeTerje StrømdahlIkaríaEreksjonNoregHumleParitetsbitSpétsesCornelis VreeswijkDen apostoliske truvedkjenningaSentral-Hellas600Det indiske kastesystemetOnaniKrag-Jørgensen-rifleDen julianske kalenderenEswatiniBrigitte BardotMéthanaPuffa risAxel JensenNanbudoLill LindforsIdrottslaget Hødd🡆 More