Karasjok Kommune: Kommune i Finnmark fylke i Noreg

Karasjok kommune (nordsamisk Kárášjoga gielda) er ein kommune i indre Finnmark fylke.

Han har grense til Finland i sør og aust, og i tillegg til kommunane Porsanger og Tana i nord og Kautokeino i vest. Med ei flatevidd på 5464 km² er Karasjok den nest største norske kommunen, etter Kautokeino.

Karasjok kommune
kommune
Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv
Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv
Kommunevåpen
Land Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Karasjok
Areal 5 453 km²
 - land 5 248 km²
 - vatn 205 km²
Folketal 2 565  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Svein Atle Somby (Ap)
Kommunenr. 5610

Karasjok kommune
69°28′20″N 25°31′08″E / 69.47223°N 25.51885°E / 69.47223; 25.51885
Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv
Wiki Commons: Karasjok
Nettstad: www.karasjok.kommune.no

Kultur

Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv 
Karasjok kyrkje, bygt i 1974
Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv 
Karasjok gamle kyrkje, den eldste attståande kyrkja i Finnmark, bygt i 1807

Innbyggjarane i kommunen snakkar finsk, norsk og nord-samisk, og kommunen er tospråkleg, med samisk og norsk som forvaltingsspråk. Rundt 80 % av dei er av samisk opphav, og kommunen blir gjerne kalla samehovudstaden. Fleire samiske institusjonar ligg i Karasjokk, mellom anna det norske Sametinget, NRK Sámi Radio, Samisk kunstnarråd og Samisk kunstnarsenter.

I Karasjok kan ein få utdanning på samisk, frå barnehage og grunnskole og seinare på sámi joatkkaskuvla, samisk vidaregåande skole. De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek ligg òg i Karasjok. Forlaget Davvi Girji har hovudkontor i kommunen. Den samiske avisa Min Áigi kom ut her fram til 2008. Avløysaren Ávvir har redaksjon i Karasjok og Kautokeino.

Geografi og namnesoge

Karasjok kommune femner om store delar av Finnmarksvidda. Han ligg langs det øvre elvebekkenet til Tanaelva (Deatnu) og sideelvene Anarjohka og Kárášjohka. Den sistnemnde har gjeve namn til kommunen. Medan johka er samisk for 'elv', kan karas ha to tydingar. Mest truleg er det frå det samiske ordet for 'trefat', men det kan òg koma frå finsk kara som tyder 'buktande'.

Det høgaste fjellet er Vuorji på 1024 moh.

Klima

Karasjok har eit subarktisk klima og har den offisielle kulderekorden i Noreg; fyrste nyttårsdag i 1886 vart det målt -51,4 grader.

Tettstad i kommunen

  • Karasjok - 1 746 innbyggjarar per 1. januar 2023

Næringsliv

Tradisjonelt har primærnæringane vore viktigast i kommunen. Framleis driv mange med reindrift, rundt 18 % er på eitt eller anna vis med på dette. Anna jordbruk og tilleggsnæringar som jakt, fiske og bærplukking livnærer òg mange. Husflid knytt til samiske tradisjonar som knivar, klede og sølv er òg ei viktig næring.

Dei fleste er likevel tilsette i kvartiærnæringar, som tenesteyting og offentleg forvalting. Turisme er blitt stadig viktigare for Karasjok.

Kommunikasjon

Karasjok blir rekna som eit knutepunkt i Finnmark, både for fastbuande og turistar. Europaveg 6 går gjennom kommunen på veg frå Lakselv til Tana. Det finst bussamband med Tana, Vadsø og Kirkenes i austfylket, og Lakselv, Hammerfest, Kautokeino og Alta i vestfylket. Karigasniemi er offisiell grensepost til Finland. Elles ligg kommunen nokså nær to flyplassar, 7 mil frå Lakselv flyplass og 15 mil frå Ivalo flyplass i Finland.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Karasjok kommune frå 1920:

1.12.1920 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010
885 1087 1581 1693 2193 2542 2648 2690 2877 2789

Verd å vitja

Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv 
Sametingsbygningen

Kjende folk frå Karasjok

Karasjok Kommune: Kultur, Geografi og namnesoge, Næringsliv 
Mari Boine

Sjå også

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Karasjok Kommune KulturKarasjok Kommune Geografi og namnesogeKarasjok Kommune NæringslivKarasjok Kommune KommunikasjonKarasjok Kommune Verd å vitjaKarasjok Kommune Kjende folk frå KarasjokKarasjok Kommune Sjå ogsåKarasjok Kommune KjelderKarasjok Kommune BakgrunnsstoffKarasjok KommuneFinlandFinnmark fylkeKautokeino kommuneNordsamiskPorsanger kommuneTana kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ronja RøverdatterSamleieSaltRomandieBlåbærVaterbordAbugidaCristiano RonaldoPåhengsmotorMalariaKjeleelvtindenSunnhordlandsdialektIolkósStavanger kommuneGorgopótamosDet amerikanske flaggetSunndalsøraHarald EiaJolene av Dolly PartonAsbjørnsen og MoeNord-AmerikaNormert talemålMiddelhavetLagerthaDS «Iris» (1901)Har SedomLarvik kommuneLemmingHaaretzRio de JaneiroNSDAPJordbruksrevolusjonenMayo ClinicDogs av Pink FloydSamuel MassieWienerklassisismenHaakon Magnus av NoregAtenSnow White and the Seven DwarfsFaryngittEuropaImperialismeProgrammeringsspråket JavaForbrenningHardingdialektTommeSirkelMetéoraSosialistTrabzonHollandGrunnstoffet tinnOslo kommunePhobos i gresk mytologiNasjonalbiblioteketPlaneten Mars2020Jean-François MilletJacob Tullin ThamsFrankrikeGeitMaiSvart kattEl NiñoNynorsk WikipediaZinédine ZidaneØCelsiusVerdas landHåvard RemKommuneNazismeISBN🡆 More