Johan Caspar De Cicignon

Johan Caspar de Cicignon (også Jean Caspar og von Cicignon) (fødd ca.

1625 i Oberwampach i Luxembourg, død 1696 i Fredrikstad) var ein luxemburgsk adelsmann som tenestegjorde som dansk-norsk general, ingeniør og byplanleggjar.

Johan Caspar de Cicignon
Johan Caspar De Cicignon
Statsborgarskap Noreg
Fødd ca. 1625
Oberwampach
Død

12. desember 1696 (71 år)
Trosvig

Yrke militæringeniør, byplanlegger, offiser
Johan Caspar de Cicignon på Commons

Biografi

Cicignon høyrde til ei fransk adeleg slekt som åtte gods i Lorraine og Luxembourg. Han var son av Georg Friedrich de Cicignon til Mechern og Oberwampach og Marie de Lachen dite Wampach. Han kom i dansk krigsteneste under Fredrik III i 1657 og stod etter Freden i Roskilde 1660 som oberstløytnant i Bergenhus Regiment. 1664 vart han kommandant på Bergenhus festning og fekk året etter eit særleg høve til å utmerke seg på denne posten da han i Slaget på Bergens våg opptredde særs snarrådig og med same fastheit som den kommanderande generalen Claus Ahlefeldt i samband med at ein engelsk flåte freista å erobre ein hollandsk flåte under kanonane til festninga. I eitt år, 1666-67, gjekk han ut av kommandantskapet, men gjekk inn att og vart oberst og sjef for Bergenhus Regiment. På slutten av 1669 reiste han til Danmark og kom ikkje attende til Bergen som kommandant. Derimot vart han 1671 kommandant i Nyborg og sjef for det fynske nasjonale regimentet. Da den skånske krigen braut ut i 1675, fekk han rikt høve til at leggje dugleiken sin for dagen og vart oppfatta som ein av tidas flinkaste offiserar.

Under Ulrik Frederik Gyldenløves kommando tok han del i eit heldig innfall i Dalsland og Värmland vinteren 1679, men same år vart freden slutta, og resten av livet sitt levde han i Noreg. Her høyrte han til hærens generalitet og hadde ulike kommandopostar nordafjells. 1681 grunnla han festninga Kristiansten i Trondheim. Ved utnemninga til Ridder af Dannebrog 1686 valde han følgjande originale sentens til sitt valspråk:

          Courage sans conduite
          Est un seigneur sans suite,
          Conduite sans courage
          Est un pauvre personage

Etter utstasjoneringa i Fredrikstad gjekk han med iver og dugleik inn for å utvikle befestningane og skaffa seg atter eit ry som ingeniør og byplanleggjar.

I 1681 vart Cicignon send til Trondheim for å leie gjenoppbygginga av byen etter ein omfattande brann (Hornemannsbrannen). Han utarbeidde (saman med assistenten sin, Anthony Coucheron) den byplanen som Midtbyen i Trondheim framleis er regulert etter, og som blir rekna som det fremste dømet på ein barokk byplan i Noreg. Året etter vart også Kongsvinger anlagt etter ein plan av Cicignon.

Sine seinare år levde Cicignon i Fredrikstad. Her gjorde han det godt innan eigedomsspekulasjon og enda livet i stor velstand. For innsatsen for Fredrikstad har han også fått ein bydel oppkalla etter seg. Cicignon har også fått ein plass oppkalla etter seg i Trondheim, Cicignons plass.

Cicignon døydde 7. desember 1696. Han var gift to gonger; første gong med ein slektning av Christopher Gabels hustru, nemleg Ingeborg Sophie Hagedorn (f. 13. mars 1636, død 1667), dotter av Philip Johan H. og Anna Elisabeth Badenhaupt. Han var far til Friedrich Christopher de Cicignon og farfar til Ulrik Frederik de Cicignon (1698-1772), som spela ei viktig rolle i Strilekrigen i 1765.

Litteratur

  • R. Grankvist og H. Hals (red.): 300 år med Cicignon 1681-1981, Trondheim: Trondheim Historiske forening, 1981 ISBN 82-990757-1-8
  • H. Nissen: “Johan Caspar Cicignon of Oberwampach. A Luxembourg immigrant in Norway”, i Association Luxembourgeoise de Généalogie et d'Héraldique. Annuaire 1995, 1999, s. 73–90

Tags:

16251696AdelFredrikstadGeneralIngeniørLuxembourg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ObeliskPulitzerprisenTartanDílosIdar LindIndre KvarøyJavaAsbjørnsen og MoeBrann StadionRichard Francis BurtonBudapest1998SindikíSvartedauenNato-alfabetetBuddy HollyHønsehaukDholBodø kommuneLímnosGoogle ChromeTehrik-i-Taliban PakistanPotenzaVM i friidrett 2023NormandieSigmaAtomvåpenFrøPlantarHerreFirkantkurveCharles III av StorbritanniaVladimir PutinThe Ragpicker's DreamItaliensk salatYou and Your FriendLøveDraco MalfangAbbaMaybe BabyLuminansJack SonniVM i fotball 2022MeisefamilienEva PeronRussell CroweI Fought the LawDen apostoliske truvedkjenningaAsiaKreftMakedonsk språkAlmopíaHuset BourbonValdresVålerenga IshockeyMarianegropaHotel CaliforniaKommunismeMonogamiChristian StrandSukkerNorrøntCarles PuigdemontDet tredje riketsouteAnarkokapitalismeMusvåkOpplettURLWaylon JenningsMaisGulStillebenFærøyane9. juniSan Marino i San Marino🡆 More