Isfahan eller Eşfahān (historisk òg stava Ispahan, mellompersisk Spahān, persisk skrift اصفهان), er den tredje største byen i Iran, etter Teheran og Mashhad.
Han ligg omtrent 340 km sør for Teheran og er administrasjonssenteret i Isfahan-provinsen. Folkesetnaden i 2000 var 2 540 000.
Isfahan | |||
by | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Isfahan-provinsen | ||
Areal | 493,82 km² | ||
Folketal | 1 961 260 (2016) | ||
Isfahan 32°39′09″N 51°40′29″E / 32.6525°N 51.674722222222°E | |||
Wiki Commons: Isfahan | |||
Isfahan er ein av dei eldste byane i Persia. Han er omtalt av Ptolemaios under namnet Aspadana, eit anna eldre namn var Djaiy. Isfahan verker å ha vore ein viktig by i den muslimske tida fram til han blei øydelagd av Timur Lenk i 1387. Byen voks att då Abbas I gjorde byen til persisk residensby.
Isfahan ligg ved breidda av Zayandeh Rud. Langs sørbreidden av elva ligg forstaden Djulfa, som er kalla opp etter den tidlegare armenske byen Djulfa. Innbyggjarane i denne byen blei deporterte til Isfahan av Abbas den store i 1605. Mange armenske kyrkjer pregar området. Byen hadde tidlegare sidan sassanidekongen Yazdegerd I si tid ein viktig jødisk koloni, som sidan siste halvdel av 1900-talet er heilt forsvunnen.
Isfahan ligg langs karavanevegen Teheran-Isfahan-Shiraz-Bushehr-Bender Abbas. Han var eit viktig handelssenter og ein av dei mektigaste byane til det persiske riket frå 1600-talet og fram til 1722. Byen blei erobra i 1722 av afghanfyrsten Mahmud Ghilzai. Han blei gjenerobra i 1729 av Nadir Shah, men vann aldri tilbake den tidlegare stillinga si. I staden vaks Teheran fram som hovudstaden i landet.
Isfahan ligg cirka 340 km sør for Teheran. Byen er kjend for sin store moské (fram til 1979 kjent som Masjed-e Shah, deretter Masjed-e Emam, begge namna blir brukt på folkemunne). Der finst òg eit anlegg for anriking av uran.
I 1979 blei Meidan Emam i Isfahan sett på UNESCO si verdsarvliste.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Isfahan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.