Igler: Underklasse av leddmakkar

Igler (Hirudinea) er ein underklasse av leddmakkar med clitellum og sugeskål.

Igler
Blodigla er den mest kjende iglearten i Noreg
Blodigla er den mest kjende iglearten i Noreg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddmakkar Annelida
Klasse: Clitellata
Underklasse: Igler Hirudinea
Lamarck, 1818

Dei er utbreidd over heile verda, og kan finnast både i ferskvatn, på land i fuktige miljø og i havet. I likskap med dei nære slektningane sine fåbørstemakkane har dei eit magebelte (clitellum) og er hermafrodittiske. I Noreg er blodigla den mest kjende iglearten.

Kjenneteikn

Igler er leddmakk, og følgjeleg segmenterte dyr utan lemmar. Gruppa er likevel særs atypisk for leddmakkane; m.a. har berre nokre få artar setae («børstar»), og då som regel i særs små tal langt framme på dyret. Kroppane deira består av 34 kroppssegment, som i motsetnad til hjå andre leddmakk ikkje er skilde med septa. Dei seks første kroppssegmenta er omdanna til sugekopp - eit døme på tagmatisering utanfor leddyra.

Muskelsystemet til iglene er meir komplekst enn hjå børstemakkane. Der dei fleste annelidar klarar seg med langsgåande og sirkulære musklar, nyttar igla heile fire slag musklar. I tillegg til dei tidlegare nemnde har dei dorsoventrale musklar som flatar ut kroppen og eit uformeleg fjerde muskellag mellom dei langsgåande og dei sirkulære musklane.

Som andre dyr i klassa Clitellata har igla eit magebelte clitellum. Dei utviklar likevel dette organet berre i paringstida, som vanlegvis er om våren. Clitellum hjå igler er tre kroppssegment lange, og inneheldt eit einskild par eggstokkar og fire eller fleire testes.

Tags:

BlodigleFerskvatnHavetLeddmakkar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LourdesKrýa Vrýsi i PéllaBritiske monarkarPet SoundsGotlandGulTranebærLandsting i SverigeПHanamiLydia Torsvik GieselmannHelgolandÁrgosMakedonskNordsjøenDamaskusKvigeMeisefamilienItaliensk salatBrahmiskriftRichard Wright (1908-1960)Hotel CaliforniaStavkyrkjeErik FollestadTehrik-i-Taliban PakistanHerpes simplexvirusKulturrevolusjonenEurovision Song Contest 1985Det ville vestenScrabbleDen apostoliske truvedkjenningaGresk MakedoniaSindikíSafavidaneKristian VI av Danmark-NoregJohn KasichArve OpsahlMaginotlinaUSATorinoSlaget ved WienToscakakeMetroland av Mark Knopfler1521Gauklaget i SkaunLillebjørn NilsenØresundbruaUkrainaPåskekyllingLuhansk oblastPermtidaSaint-DizierStillitsIngmar BergmanChileToscanaUngarnMelodi Grand Prix 1985Nordahl GriegKattMakedonsk språkPéllaFlåklypa Grand PrixAre KalvøOtto JespersenBodø kommuneHändels MessiasJon AlmaasVaskebjørnAll by MyselfApp StoreMartti AhtisaariBrjansk oblastNATO🡆 More