I Saw Three Ships

«I Saw Three Ships (Come Sailing In)» er ein tradisjonell og populær julesong frå England.

Melodien er ein variant av «Greensleeves» og den tidlegaste trykte utgåva av «I Saw Three Ships» er frå 1600-talet, kanskje frå Derbyshire, og vart òg publisert av William Sandys i 1833.

I Saw Three Ships
I Saw Three Ships
Illustrasjon til songen av Walter Crane frå 1877.

Teksten nemner tre skip som seglar til Betlehem, men det næraste vatnet til Betlehem er Daudehavet som ligg kring 30 km unna. Ein trur dei tre skipa som er nemnde kjem frå dei tre skipa som det vert hevda førte leivningane av dei heilage tre kongane til Kölnerdomen på 1100-talet. Ein annan mogeleg referanse er til Wenceslaus II, konge av Böhmen, som bar eit våpenskjold med tre skip, eller dei tre vismennene som vitja Jesusbarnet.

Ein versjon frå 1877, i ei bok illustrert av Walter Crane, nemner tre skip ein ser på nyårsdagen.

Innsamlingar av songen

Det er samla inn fleire ulike tradisjonelle versjonar av songen. Ein brukt mange ulike melodiar, noko som var vanleg med slike folkesongar. På 1910s-talet skreiv folkloristane Cecil Sharp og Janet Blunt melodi og tekst for fleire dusin ulike versjonar, hovudsakleg frå Sør-England.

Ein har også spelt inn fleire tradisjonelt overleverte versjonar. Den amerikanske folkemusikksamlaren James Madison Carpenter spelte inn fleire litt ulike engelske versjonar tidleg på 1930-talet, fleire av dei i Cornwall og ein i Gloucestershire. Dei er tilgjengelege online via Vaughan Williams Memorial Library. I 1956 spelte Peter Kennedy inn songen framført av ein mann kalla John Thomas i Camborne i Cornwall.

Den kjende musikaren Jean Ritchie frå Appalachane blei spelt inn av Alan Lomax i 1949 då ho framførte ein tradisjonell versjon ho hadde frå slektningar, der forfedrane deira truleg hadde hatt med seg songen frå England. Denne er tilgjengeleg ved Alan Lomax archive. Ritchie spelte seinare inn songen til albumet Carols of All Seasons (1959). Sjølv om Jean Ritichie sin familieversjon er den einaste tradisjonelle amerikanske versjonen til å bli spelt inn, var songen kjend i USA i tidlegare tiår, særleg i sør.

Medan dei samla inn folkesongar på Dei britiske øyane i 1952 møtte Jean Ritchie og mannen hennar George Pickow den irske songaren Elizabeth Cronin i Macroom i County Cork som song ein versjon kalla «The Bells of Heaven».

Arrangement

Eit arrangement av Martin Shaw finst i Oxford Book of Carols. Carols for Choirs-serien inneheld eit arrangement av sir David Willcocks. Organisten Simon Preston og den tidlegare dirigenten for Choir of King's College, Cambridge, sir Philip Ledger, har òg skrive eit arrangement som koret framførte ved Nine Lessons and Carols-festivalen i nyare år. Denne songen er òg nytta i musikalen Caroline, or Change, men som eit kontrapunkt.

Innspelingar

  • The Carpenters spelte inn ein versjon til julealbumet Christmas Portrait frå 1978.
  • Mannheim Steamroller spelte inn ein versjon til Christmas frå 1984.
  • Progrock-songaren Jon Anderson gav ut ein versjon som tittelsport til albumet sitt 3 Ships i 1985.
  • Keyboardspelaren Keith Emerson spelte inn ein instrumental rockeversjon til The Christmas Album frå 1988.
  • Canadiske Bruce Cockburn spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Christmas i 1993.
  • Engelske Sting spelte inn ein versjon til samlealbumet A Very Special Christmas 3 i 1997.
  • Cyndi Lauper spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Merry Christmas...Have a Nice Life frå 1998.
  • Glen Campbell spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Christmas with Glen Campbell i 1995.
  • Barenaked Ladies spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Barenaked for the Holidays i 2004 og til Snacktime: Live at Massey Hall i 2009.
  • Blackmore's Night spelte inn songen til julealbumet sitt Winter Carols frå 2006.
  • Sufjan Stevens spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Songs for Christmas frå 2006.
  • Chicago spelte inn songen til julealbumet Chicago XXXIII: O Christmas Three frå 2011.
  • Fiolinisten Lindsey Stirling spelte inn ein versjon til julealbumet sitt Warmer in the Winter frå 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

I Saw Three Ships Innsamlingar av songenI Saw Three Ships ArrangementI Saw Three Ships InnspelingarI Saw Three Ships KjelderI Saw Three Ships BakgrunnsstoffI Saw Three ShipsDerbyshireGreensleevesJulesong

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KoronapandemienDílosKyivPortalCarl Philip av SverigeAfrodisiakumTalteoriDet greske alfabetetViktor OrbánFranskIonaJerusalemKattWikipediaAlaskaIranDamaskusPotenzaElsa LystadDen industrielle revolusjonenDiskografien til QueenFrankrikeNGrunnstoffliste etter namnPåskeKasakhstanStillitsDown to the WaterlineLundefuglFaryngittGuangzhouEuphoria av LoreenOttomanThe DoorsHalloAdolf HitlerTidlegare kommunevåpen i NoregHardangerTartanUSABjørnøyaC SharpAlexander von HumboldtLeksikonVM i fotball 2022VM i fotball 2006Arena BirminghamJon FosseStrilKanye WestChristian StrandSpaniaLondonHovudsideParisI Fought the Law1917ArménioZjytomyr oblastGiant's CausewayØresundbruaIltalehtiVladimir VysotskijNibiruUljanovsk oblastCornelis VreeswijkMakedonskElisabeth AndreassenKulturminneOpplettLandsting i SverigeKjersti Bergesen2024Polen9. oktober🡆 More