Hurum Kommune: Tidligere kommune i Buskerud

Hurum er ei bygd og ein tidlegare norsk heradskommune som låg i Buskerud, no Viken fylke.

Kommunen låg på halvøya Hurumlandet mellom Oslofjorden og Drammensfjorden, og grensa til Røyken kommune i nord. Det tidlegare administrasjonssenteret Klokkarstua ligg i innlandet, i Sandungsdalen, medan dei fleste andre tettstadane i kommunen, som Sætre, Tofte, Filtvet og Holmsbu, ligg langs kysten. Verd å nemne er òg plassen Verket, rett vest for Klokkarstua. Han er ei istidsavsetting som mesten stengjer Drammensfjorden.

Hurum kommune
kommune
Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar
Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar
Kommunevåpen
Land Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Sætre
Areal 163 km²
 - land 156 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Monica V. Bratlie (H)
Kommunenr. 0628

Hurum
59°36′11″N 10°31′05″E / 59.603055555556°N 10.518055555556°E / 59.603055555556; 10.518055555556
Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar
Wiki Commons: Hurum
Nettstad: www.hurum.kommune.no

Rundt 100 km² av flatevidda var produktiv skog, medan rundt ein tidel av landet vart nytta til jordbruk. Den 63 kilometer lange kystlina til kommunen har ein kyststi for turgåarar.

Hurum kommune vart i 2020 slegen saman med kommunane Røyken og Asker til den nye Asker kommune.

Industri

Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar 
Hurum rådhus på Sætre
Hurum Kommune: Industri, Kommunikasjon, Øyar 
Holmsbu hamn

Den industrielle revolusjonen kom tidleg til Hurum, først med eit glasverk som vart bygd på slutten av 1700-talet. Nå har kommunen fleire hjørnesteinsverksemder, som Dyno Industrier, Norske Skogindustrier A/S, og Tofte Industrier.

Kommunikasjon

Hurum har lenge trekt til seg sommarturistar, men i den siste tida har folk utanfrå òg busett seg der fordi det er mogleg å pendla frå Hurum til storbyane Drammen og Oslo. Oslofjordtunnelen, ein tunnel under Oslofjorden til Drøbak, har gjort bygda betre tilgjengeleg.

I 1988 vedtok Stortinget å byggja hovudflyplass for Austlandet i kommunen, men dette vart omgjort i 1990 på grunn av risiko for skodde i området, og flyplassen vart i staden lagt til Gardermoen.

Øyar

Langs Hurumkysten finn ein òg fleire øyar og holmar med ein særskild flora og geologi. Fleire av desse er freda. Ei av øyane er Mølen (ikkje å forveksla med neset Mølen i Larvik kommune), ein av dei få stadane i Noreg der det veks misteltein.

Flora og fauna

Hurum har kystbarskog, og innimellom åker- og kulturlandskap i indre strøk er det blandingsskog med lauvtrær og mykje gran. Av sjeldnare arter kan nemnast misteltein (i sør), vårmarihånd og vårkrossknapp.

Faunaen er dominert av den søraustnorske lauvskogens habitat, med rådyr, noko elg, hare, grevling og ulike gnagarar. Fuglelivet har tatt seg opp. Det hekkar mellom anna hegre, knoppsvane, ærfugl, strandsnipe og gråspett i Hurum. Det er også noko ål, knurr og sjøaure i sjøen langs kysten.== Verd å vitja ==


Kjende Hurumbuar

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hurum Kommune IndustriHurum Kommune KommunikasjonHurum Kommune ØyarHurum Kommune Kjende HurumbuarHurum Kommune FotnotarHurum Kommune BakgrunnsstoffHurum KommuneBuskerudDrammensfjordenHalvøyHeradHolmsbuHurumlandetKlokkarstuaOslofjordenRøyken kommuneSætreTofteVerketViken fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Konflikten mellom Wergeland og WelhavenTraktorUrfolkLandsmålRegnskogE-nummerAda LovelaceOperativsystemSuveren statSteinDen kalde krigenInternasjonal telefonkodePoBrusselFilmserien Harry PotterEli Kari GjengedalJon AlmaasAlbaniaProfessor emeritusDanskVeneziaHaikuKent AndersenSvastikaStord kommuneMount EverestGrevinnen og hovmesterenStylídaIALA maritime bøyesystemMartha SkrettebergKristoffer ColumbusListe over norske nyordSvartedauenDigital object identifierSad i OmanKjærleik29. juniUrfolk i USAMøre og Romsdal fylkeMerlionAustromarriketKjerringa med stavenJournalistikkRagnhild BrochmannSamuel MassieInternasjonalenFrankrikeNitrogenAsker kommuneErik AndersenSexyGruppa KroviDurgaHelena BrodtkorbFemøringKommunismeSolaDen indre kjernenSperkhiádaDanmarkSoppCelsiusSpaniaSara SkjoldnesGeijerRamaskrikRøyslandKalsiumkloridMogopPlaneten JupiterHøgnorskEmma EllingsenPlaneten MarsSvake substantiv2020🡆 More