Helsingør

56°1′54.383″N 12°35′22.722″E / 56.03177306°N 12.58964500°E / 56.03177306; 12.58964500

Helsingør
Parti frå Helsingør.
Helsingør
Kronborg slott vakta over innløpet til Austersjøen, og var viktig for å handheve innkrevjinga av Øresundtollen.
Helsingør
Ei fyrlykt. Kronborg Fyr, er montert i det nordaustlege tårnet på Kronborg slott.
Helsingør
Domkyrkja i Helsingør, Sankt Olai kyrkje frå 1559 med aner attende til ei lita landsbykyrkje i romansk stil bygd på 1200-talet, er namngjeve etter den norske helgenen Sankt Olav.

Helsingør er ein by i Helsingør kommune i det austlege Nord-Sjælland i Danmark, på den staden der Øresund er på det smalaste. Byen har eit folketal på 46 368 (2012). Helsingør kommune med Helsingør by som administrasjonssenter høyrer inn under Region Hovedstaden.

Bysoga

Byen er omtalt i skriftlege kjelder fyrste gong i 1231 som ein liten kjøpstad ved Flynderborg. Erik av Pommern (ca. 1382–1459) gav byen utvida kjøpstadsrettar i 1426 og flytta samstundes byen til området kring Sankt Olai kyrkje, domkyrkja i Helsingør. Kyrkja har namn etter den norske helgenkongen Sankt Olav, som i si tid var ein viktig helgen i heile Norden. Om lag på denne tida vart Øresundtollen innført, ei avgift som vart lagt på alle skip som skulle inn i Øresund. Sjølv om tollinntektene gjekk til kongen, fekk tollen òg ei avgjerande rolle for inntektene til byen av di skipa som måtte legge til i Helsingør for å få betalt tollen, såg føremonar i å kjøpe proviant og anna i byen samstundes. Slottet og borga Krogen, forgjengaren til det slottet og borgen Kronborg som ligg dominerande til i Helsingør i dag, vart bygd for å kunne handheve innkrevjinga av Øresundtollen. Krogen vart sterkt ombygd på 1500-talet, og fekk etter dette det noverande namnet Kronborg.

Øresundstollen vart oppheva i 1857, og då Helsingør tapte handel av di skipa gjennom sundet ikkje trengte å gå inn til byen for å gjere opp for seg, oppstod det ei djup økonomisk krise for byen. Men frå 1882 tok ein ny oppgang for Helsingør til ved at Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri A/S vart sett i gang som startskottet til den moderne tidas industrialisering av byen.

Historiske bygningar

Den engelske diktaren William Shakespeare (1564-1616) har lagt handlinga i det kan hende mest berømte av alle teaterstykka sine, Hamlet, til Kronborg slott (på engelsk vert Helsingør kalla «Elsinore»). Men ikkje berre Kronborg slott er av historisk verde i Helsingør. Av di byen har sloppe unna dei store bybrannane, er bygningane i storparten av sentrum frå 1500-1800 talet.

Især to store kyrkjebygningar dominerer Helsingør. Den eine er domkyrkja, Sankt Olai Kirke, som er den eldste bygningen i byen ved å vere frå 1559, men med dei eldste delane frå 1200-talet. Kyrkja er utsmykka innvendig med mellom anna sjåverdige kalkmåleri, og ein prektig preikestol. Den andre er eit karmelitarklosteret Sankt Mariæ Kirke og Vor Frue Kloster, som i dag er det klosteret i heile Norden som er best teke vare på. Især er dei nyrestaurerte kalkmåleria og orgelet i kyrkja verd å sjå. Orgelet har i hovudsak same utsjånaden som då den namngjetne komponisten og organisten Dietrich Buxtehude spela på det i 1660-åra.

Ferjesambandet over Øresund

Det er kort veg over Øresund mellom Helsingør og grannebyen Helsingborg i Skåne i Sverige, og i 1892 vart det opna regulært ferjesamband mellom dei to byane. Då jarnbanelinja Kystbanen mellom Helsingør og København vart opna i 1897, vart Helsingør òg eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Norden, då mykje av veg- og jarnbanetransporten mellom den skandinaviske halvøya og Danmark/det europeiske fastlandet med tida kom til å gå over ferjesambandet Helsingør-Helsingborg, der det òg gjekk ferjer som tok jarnbanetog. Sjølv etter at veg- og jarnbanebrua Øresundbrua mellom Sverige og Danmark sør i Øresund vart bygd, er det livleg ferjetrafikk mellom Helsingør og Helsingborg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Helsingør BysogaHelsingør Historiske bygningarHelsingør Ferjesambandet over ØresundHelsingør KjelderHelsingør BakgrunnsstoffHelsingør

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GrønlandSarpsborg kommuneKaptein SabeltannTor Erling StaffNorskTornadoKherónia61IrakLangfredag95Saudi-Arabia49212KreolRugbyReligion i England6BartreTabloidCC Amfi71Hideto TakahashiHanne SkartveitRotneims-KnutCornelis VreeswijkMotiv i litteraturSamleieUkrainaAgigeaVologda oblastGammalnorsk sauKolonialhandelDaily MailPoarta AlbăUnni EikesethLivskraftigSlaveSpanskArabiskLiberalVår Frelsers gravlundEstlandSverd i fjellKroatiaSilkeormVaginaOle Gunnar SolskjærVBotanikkByar i USA med meir enn 100 000 innbyggararBodø kommuneTakahiro OgiharaFijiNorske bilandEngelskRumpeldunkMuskettkriganeKultur i 1894ConstanțaLisboaKirsti BergstøTsjetsjeniaAsiaEncyclopædia BritannicaDet internasjonale fonetiske alfabetetGiljotinDet tredje riketCountryAluminiumKalkbolleStyresettDunning-Kruger-effektenNaruto25Vulkanar i Italia🡆 More