Hebe

Hebe (gresk Ἥβη, Hēbē) var ungdomsgudinna i gresk mytologi.

Ho var dotter av Zevs og Hera, og blei gift med halvguden Herakles. Hebe var munnskjenk for gudane på Olympos.

Hebe
Hebe
Hebe. Måleri frå ca. 1850 av Demeter Laccataris.
Opptrer iIliaden
Identifisert medJuventas
MorHera
FarZevs
EktefelleHerakles
BarnAlexiares, Anicetus

Hebe serverte gudane nektar til å drikka og ambrosia til å eta, heilt til ho blei gift med Herakles. Etterfølgjaren hennar var den unge trojanske prinsen Ganymedes. Ho fylte også badet for Ares og hjelpte Hera opp i vogna si.

I Evripides sitt skodespel Heraklidene ('Barna til Herakles') innvilga Hebe ønsket til Iolaos om å bli ung igjen for å kunna kjempa mot Eurysthevs, han som påla Herakles oppgåva med dei tolv storverka. Hebe fekk to barn med Herakles: Alexiares og Aniketos, som var evig unge.

Namnet «Hebe» kjem frå det greske ordet for «ung» eller «livets glans(tid)». Den romerske gudinna som tilsvara henne var Juventas. Også latinske «Juventas» betyr 'ung', og går att i det engelske ordet juvenile, «ungdom», eller juvenil, som er noko brukt på norsk.

I kunsten er Hebe vanlegvis avbilda i lang kjole uten ermer. Ho blei også dyrka som ei gudinne for tilgjeving. Frigjevne fangar kunne henga lenkjene sine i heilage lundar i heilagdommen hennar på Flius på Peloponnes.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Hebe  Commons har multimedium som gjeld: Hebe

Tags:

GreskGresk mytologiHeraOlymposZevs

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HaugtussaWiki CommonsJaroslav SoukupMrs. RobinsonIndre SognMeklozinBibelbeltetErmionídaBritt-Marie lättar sitt hjärtaHank LocklinValborgsnattaReligionskrigMediaWikiHundNorske dialektarNordland MållagNederlandskOmanThomas JeffersonRomanen AndvakeTablForvandlingaDen etiopiske kalenderenMiljøproblemKielkanalenOne PieceÁrgos-MykínesDer ingen skulle tru at nokon kunne buIl Tempo GiganteKappløpet om AfrikaBrasilSilkehegreNautisk milVårsandbieMolde kommuneZevsBeaufortskalaenAndrej KrautsjankaRingdrottenFirehundreårsnattaAnette HoffVitamin KFurieKvintakkordSaltHeidi Ruud EllingsenDen dominikanske republikkenRadioaktiv strålingOrrfuglWehrmachtEpídavrosTeltKamferInternasjonalenÅClaudio MonteverdiFjell i NoregSymbol i hinduismenØstfold fylkeDanmarkHøgnorskTroms fylkeEdvard VII av StorbritanniaJordaMidsommarEkvatorKrøllalfaNordfjordeidKrysantemumJamstellingsvedtaketBosnia-HercegovinaVik-Sandvik Group30. aprilVerktøyet filMusikkgruppa GåteMime🡆 More