Haubits eller haubitser er nemninga for eit kanonliknande militært våpen med eit etter måten stutt røyr i høve til kanonen.
Til dels vert nemningane mortar og haubits nytta om kvarandre om den same typen våpen. Men til skilnad frå både mortarar og feltkanonar er haubitsen kjenneteikna ved vanlegvis å kunne skyte i både steile og mindre steile vinklar, det vil seie i vinklar både over og under 45 gradar i høve til horisontalen. Haubitsen kan soleis skyte ut prosjektil i ei høg og krum bane for å råke mål attom slike hindringar som åsar og høgdedrag eller bygningar, eller i lågare baner beinveges mot mål som mannskapet kan sjå.
Moderne haubitsar har rekylmekanismar som tek opp dei attoverretta kreftene under avfyringa, og dei kan ladast bakfrå med ulik mengd ammunisjon, avpassa etter den rekkevidda som er ynskeleg i det aktuelle høvet. Det vanlege kaliberet er mellom 75 og 240 millimeter, og rekkevidda kan vere opptil 30 kilometer. Våpena er gjerne utstyrte med hjul som gjer at dei kan dragast etter lastebilar når dei skal transporterast. Somme typar av moderne haubitsar kan vere utstyrt med eigen motor som gjer dei sjølvgåande i terrenget, og kan dessutan vere pansra.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Haubits, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.