Haskell Strait er eit sund sør i McMurdo Sound, mellom Cape Armitage på Ross Island og Cape Spencer-Smith på White Island i Antarktis.
Oseanografisk skil det McMurdo Sound frå havbassenget under Rossisen. Sjølve sundet er kring 25 km breitt og somme stader over 900 meter djupt. Det er målt straumar på nesten ein halv knop i sundet, sjølv om straumen vanlegvis er svakare. Det er stort sett dekt av is av McMurdoisen og fastisen sør i McMurdo Sound. Ved sjeldne høve har havisen brote sund slik at det har vore mogeleg å segle i nordvesthjørnet av sundet fram til Scott-basen.
Haskell Strait | |||
sund | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°55′01″S 166°45′00″E / 77.917°S 166.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Haskell Strait 77°55′00″S 166°45′00″E / 77.916666666667°S 166.75°E | |||
Det er kalla opp etter den newzealandske polarforskaren dr. Timothy G. Haskell i 2009. Det er uklårt kvifor det ikkje tidlegare vart namngjeve som sund. Truleg kjem dette av at det som regel er isdekt og dominert av barrieren (McMurdoisen).
Apsley Cherry-Garrard skildrar korleis mennene og ponniane til Robert F. Scott her prøvde å kome seg bort frå isen som var i ferd med å falle frå kvarandre, medan spekkhoggarar patruljerte sjøen like ved. Scott-basen, som er den newzealandske forskingsstasjon, vart oppretta under Det internasjonale geofysiske året 1957 og ligg like ved Haskell Strait.
Sidan sundet er eit av dei sørlegaste i verda, er det kraftig påverka av jordrotasjonen. Det er òg den vestlege innfallsporten til Rossgropa, ei enorm, hovudsakleg ukjend grop i Rosshavet. Gropa er ei stor kjelde til underkjølt vatn, vatn som er kaldare enn frysepunktet, men framleis flytande. Slikt vatn påverkar veksten til sjøisen som igjen påverkar klima.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Haskell Strait, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.