Gråseglar (Apus pallidus) er ein fugleart i seglarfamilien.
Gråseglar | |
Gråseglar Foto: Stavros Karabinas | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae |
Slekt: | Apus |
Art: | Gråseglar A. pallidus |
Vitskapleg namn | |
Apus pallidus Shelley, 1870 |
Han hekkar rundt Middelhavet, på Kanariøyene og Madeira, i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya og rundt Persiabukta. Arten er ein sterk trekkfugl som overvintrar i eit belte i Afrika sør for Sahara, men avgrensa populasjonar i Afrika er standfuglar.
Gråseglarar liknar mykje på tårnseglar, både i storleik og i utsjånad. Kroppslengda er ca. 16 centimeter og vekta ca 42 gram. På avstand er dette ein mørk, nær svart seglar med kvit strupe, kort, kløfta hale og lange, halvmåneforma venger i fluktbiletet. Samanlikna med tårnseglar har han ein aning kraftigare kroppsbygging, breiare og lysare strupeområde, og litt meir brunskjær i fjørdrakta. På kort avstand er skjelforma mønster synleg på undersida. Vengeslaga er litt langsamare enn hos tårnseglarar.
Føda er insekt og edderkoppar som svevar i lufta.
Lætet er eit høgt tørr skrik lik som slektningen sin, men med lågare tonehøgd.
Hekkeområde er ofte knytt til kystar og øyer, men dei kan hekke så høgt som på 2700 moh. til dømes i Sierra Nevada i Spania.
Den globale populasjonen er estimert til 250 000 til 2 mill individ og er trudd å vere stabil.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gråseglar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.