Giv'atayim (hebraisk skrift גִּבְעָתַיִם, tyder «To høgder») er ein by i Israel aust for Tel Aviv.
Han er ein del av storbyområdet kalla Gush Dan. Givatayim vart grunnlagd i 1922 av pionerar under den andre Aliyah. Han hadde eit folketal på 54 700 innbyggjarar i 2011.
Giv'atayim | |||
גִּבְעָתַיִם, Givatayim, Givataim | |||
by | |||
Panorama av Giv'atayim | |||
| |||
Namneopphav: To høgder | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°04′11″N 34°48′42″E / 32.06972°N 34.81167°E | ||
Areal | 3,211 km² | ||
Folketal | 54 700 (2011) | ||
Folketettleik | 17 035 / km² | ||
Grunnlagd | 1922 | ||
- Bystatus | 1959 | ||
Borgarmeister | Ran Kunik | ||
Giv'atayim 32°04′11″N 34°48′42″E / 32.069722222222°N 34.811666666667°E | |||
| |||
Wiki Commons: Givatayim | |||
Namnet på byen kjem frå dei to høgdene han vart grunlagd på, Borochovhøgda og Kozlovskyhøgda. Kozlovsky er den høgaste åsen i Gush Dan-området med ei høgd på 85 meter over havet. Byen vart utvida i 1930-åra og dekkjer no i røynda 4 høgder.
Arkeologiske ruinar syner at det har budd folk i området som i dag er Giv'atayim attende til koparsteinalderen. Den moderne byen vart grunnlagd den 2. april 1922 av ei gruppe på 22 pionerar leia av David Schneiderman. Gruppa kjøpte 300 mål land i utkanten av Tel Aviv som vart bydelen Borochov, det første arbeidarstrøket i landet. Han vart kalla opp etter Dov Ber Borochov, grunnleggjaren av arbeidarpartiet Poalei Zion. Seinare kom 70 nye familiar til gruppa, og fekk mindre tomter. Landområdet vart kjøpt med private midlar, men vart frivillig overført til Jewish National Fund, som organiserte jødisk busetjing på den tida, i tråd med sosialisttrua til pionerane.
Giv'atayim hadde òg den første daglegvarehandelen i landet, som vart drive som eit samvirkelag (Tzarkhaniya) . Denne var i drift fram til 1980-åra.
Giv'atayim er venskapsby med:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Giv'atayim, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.