Koparsteinalderen

Koparsteinalderen eller koparalderen er ulike periodar i førhistorisk tid då somme av samfunna, mellom anna i Kaukasus, Egypt og på det europeiske kontinentet, lærte seg å nytte metallet kopar.

Koparbruken i Midt-Austen og Kaukasus tok til seint på 4000-talet f.Kr., og i Europa mellom 3000-talet og slutten av 2000-talet f.Kr. Det vart funne ei øks av kopar på eit naturleg mumifisert lik (kalla Ötzi) frå om lag 3300 f.Kr. som låg i ein isbre i meir enn 3200 meters høgd i Ötztal-Alpane i Tirol.

Koparsteinalderen
Øks/hakke av kopar frå koparsteinalderen, funne i Hajdúdorog i Ungarn.
Koparsteinalderen
Rekonstruksjon av den øksa frå koparsteinalderen som vart funne saman med det naturleg mumifiserte liket «Ötzi». Øksa til «Ötzi» er den einaste øksa frå denne tida som er funne med skaft, og denne rekonstruksjonen samsvarar tvillaust med originalen.

Kopar i naturleg tilstand var kjend og nytta allereie for meir enn ti tusen år sidan som råstoff for smykke og liknande. Metallet er for mjukt til å lage gode reiskap av, sjølv etter at ein fann fram til metodar for å herde det. Men kunnskapen om korleis ein skulle smelte og handsame dette metallet, la grunnlaget for den seinare teknikken å blande kopar og tinn til legeringa bronse, som etter funna å døme fyrst vart nytta på 3000-talet f.Kr. i det området som på grunnlag av den geografiske skapnaden vert kalla med populære ord for «Den fruktbare halvmånen», nord og aust for den arabiske ørkenen og Mesopotamia og litt sørover langs det indre av Middelhavet.

Stein var framleis det viktigaste råstoffet for våpen og reiskap i koparsteinalderen eller koparalderen. Funnsituasjonen for tidlege kopargjenstandar på det europeiske kontinentet syner at samfunn med og utan kopargjenstandar eksisterte samstundes side om side, så trongen til å lage, skaffe seg og nytte slike gjenstandar har ikkje hatt ein slik dominerande innverknad på samfunna som bronsegjenstandar skulle få seinare, i bronsealderens Europa. Koparsteinalderen eller koparalderen er soleis ikkje ei nemning som bør nyttast i kronologisk samanheng, men sjåast på som eit intermesso i yngre steinalder, og som ei innleiing til bronsealderen i fleire samfunn.

I Skandinavia er det ikkje funne kopargjenstandar, og det er difor ikkje grunnlag for å tale om nokon koparsteinalder eller koparalder i det heile. For Noregs vedkomande har ein til og med så få funn av bronsegjenstandar frå bronsealderen at det har vore diskutert om det er rett å tale om ein bronsealder her, eller berre om framhald av yngre steinalder fram til jarnalderen.

Bakgrunnsstoff

Koparsteinalderen  Commons har multimedium som gjeld: Koparsteinalderen

Tags:

EgyptEuropaFørhistorisk tidKaukasusMumiarÖtzi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BonitetNorheimsundSt Patrick's Cathedral i DublinCharlène av MonacoSvart kattPolenByar i NederlandJantelovenErik SolbakkenSkarverennetJordanBloggKjerringa med stavenPierre CochereauVinkelfartNorske militære gradarSluddKopplamMari MaurstadStareKrysotilVassøyna i GulenDei fem K-ane i sikhismenNorskRoald AmundsenEiffeltårnetTaylor SwiftLofotenKristian IV av Danmark-NoregYosef Wolde-MariamPanterTurbanAnders Behring BreivikKlaus Peter NickelHellasEnsembleSkandinaviaHelena BrodtkorbAstrid LindgrenMeter per sekundSur nedbørAmy WinehouseDet italienske flaggetAndre verdskrigenCowboy-LailaSjøløver19. aprilDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenNikolaus KopernikusKvadratmeterKjell Kristian RikeProfil-opprøretCoComBook of KellsLangeThe Rolling StonesElon MuskKalkulusArab al-AramsheJernsulfatGisøyaTigerNasjonaldagUruguayStaffan stalledrängMarco PoloElvar i RomaniaInternasjonal telefonkodeVladimir PutinRagnhild GulbrandsenMaud av NoregSpansk🡆 More