Haim «Jumas» Oron (fødd 26.
mars 1940) er ein israelsk politikar og tidlegare landbruksminister. Han var leiar i det politiske partiet Meretz-Yachad, som han òg representerte i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.
Haim Oron | |||
| |||
Fødd | 26. mars 1940 (84 år) Giv'atayim, Tel Aviv | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Israel | ||
Parti | Meretz-Yachad, Mapam | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Hashomer Hatzair Peace Now | ||
Alle verv |
Foreldra hans emigrerte frå Polen før andre verdskrigen. Faren var tekstilarbeidar og mora husmor.
Etter militærtenesta i den israelske hæren, slutta Haim Oron og kona hans seg til ein kibbutz. Dei hadde fire barn, men eitt døydde tidleg i ei ulykke. Oron og kona bur framleis i kibbutz og løna hans som Knesset-medlem går inn i felleskassa på kibbutzen.
Oron vart i 1968 sekretær i den sosialistiske rørsla Hashomer Hatzair. Han var ein av grunnleggjarane av fredsrørsla Peace Now i 1978. I 1988 vart han innvald i Knesset for det venstresosialistiske partiet Mapam, som i 1992 gjekk saman med to andre grupper og vart til partiet Meretz, der han i 2008 vart vald til leiar.
Oron har òg vore kasserar i Histadrut, det israelske LO, og i 1999 vart han landbruksminister i Ehud Barak si regjering.
Oron er ein nær venn av palestinaren Marwan Barghouti, som sit i israelsk fengsel.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Haim Oron, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.