BBC Alba er ein fjernsynskanal frå BBC på skotsk gælisk som tok til å senda 2008.
Alba er det gæliske ordet for Skottland. Kanalen sender hovudsakleg skotsklaga program, og er den første generelle fjernsynskanalen derfrå. Kanalen blir send via satellitt og kabel, og programma kan lastast ned digitalt.
| |||
Lansert | 19. september 2008 | ||
---|---|---|---|
Land | Storbritannia | ||
Hovudkontor | BBC Pacific Quay | ||
Nettstad | https://www.bbc.co.uk/alba |
Første sendinga fann stad den 19. september 2008. Ho inneheldt ein versjon av songen «Alba» med folkrockgruppa Runrig, ein direktesend ceilidh (tradisjonell dansetilstelling) frå Skye, komediedramaet Eilbheas ('Elvis') og dramadokumentaren Peter Manuel – Deireadh an Uilc? om ein skotsk-amerikansk seriedrapsmann. I dei første to månadane såg rundt 650 000 folk på BBC Alba kvar veke, sjølv om berre ein tredjedel av skottar kunne ta inn sendinga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article BBC Alba, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.