Gruppa av åtte (G8) er ei gruppe av åtte av verdas leiande industrialiserte land: Frankrike, Italia, Japan, Storbritannia, Tyskland, USA, ( G6, 1975), Canada ( G7, 1976), og Russland (som ikkje er med på alle møta), og EU.
Den viktigaste G8-hendinga er eit årleg økonomisk og politisk møte mellom stats- og utanriksleiarane, men G8-landa har også andre, mindre viktige møte og sambarbeidsformer.
Samarbeidsgruppa har røter i oljekrisa i 1973 og nedgangstidene i økonomien som følgde. For å hanskast med dette grunnla USA den såkalla bibliotekgruppa, ei samling av høgtståande statsmenn frå USA, Europa og Japan som hadde med finans å gjera, for å diskutera dei økonomiske problema. I 1975 inviterte den franske presidenten Valéry Giscard d'Estaing statsleiarane frå dei seks største industrilanda til eit møte i Rambouillet og føreslo jamne møte. Det kom i gang årlege møter med presidentskap som gjekk på omgang. Gruppa av dei seks blei kalla G6 og hadde Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA som medlemmer. I 1976 blei Canada med slik at gruppa blei til G7, og etterkvart blei òg Russland med som meir eller mindre fullverdig medlem i det som no heiter G8.
Land | Leiar |
---|---|
Canada | Stephen Harper |
Frankrike | Nicolas Sarkozy |
Italia | Romano Prodi |
Japan | Shinzo Abe |
Russland | Vladimir Putin |
Storbritannia | Gordon Brown |
Tyskland | Angela Merkel |
USA | George W. Bush |
EU | José Manuel Durão Barroso Herman Van Rompuy |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article G8, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.