Pila

Pila (frå latin Sagitta) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

    Denne artikkelen handlar om stjernebilete. For øya i Antarktis, sjå Pila i Antarktis.

Sjølv om Pila er eit stjernebilete som vart namnsett alt i oldtida, har det ingen stjerner som er lysare enn 3. storleiksklasse og har det tredje minste arealet av alle stjernebilete (berre Folen og Sørkrossen er mindre). Det var av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg nord for ekvator og er synleg alle stader på jorda utanom sør for den sørlege polarsirkelen.

Pila
Pila
Pila
Latinsk namn Sagitta
Forkorting Sge
Genitivsform Sagittae
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 19,8333 h
Deklinasjon 18,66°
Areal 80 kvadratgrader
nr. 86 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne γ Sge (3,47. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −70°

Pila ligg innafor Mjølkevegen og grensar til Reven, Herkules, Ørna og Delfinen.

Pila
Stjernebiletet Pila slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Dei følgjande er lyssterke stjerner i Pila:

  • α Sge: òg kalla Sham, og er ei gul, lys kjempestjerne med spektralklasse G1 II 430 lysår frå jorda.
  • γ Sge: er ein kjølig kjempe (M0 III) som ligg 258 lysår frå jorda.
  • δ Sge: M2 II+A0 V
  • ε Sge: G8 III, eit stjernesystem med fire komponentar. Den eine komponenten er optisk.
  • η Sge: har spektralklasse K2 III.

Djupromsobjekt

  • M71 er ein særs laus kulehop og tidlegare trudd å vere ein tett open hop. Han ligg kring 13 000 lysår frå jorda og vart først oppdaga av den franske astronomen Philippe Loys de Chéseaux i 1745 eller 1746.

Bakgrunnsstoff

Pila  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Pila

Tags:

Den sørlege polarsirkelenFolenHimmelkvelvingaKlaudios PtolemaiosLatinStjernebileteSørkrossenTilsynelatande storleik

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SpaniaFlåklypa Grand PrixDjengis khanStockholmSlaveWayback MachineLille Petter EdderkoppDet tredje riketAli Baba og dei førti røvaraneSojuLangfredagIALA maritime bøyesystemKvigeInnsjøar i SkottlandLe Corbusier2024Vardø kommuneGoogleSkjæltorsdagIltalehtiPave Pius XISunnmøreSandsøyaDet britiske imperietEl GrecoGarden KatthultLahti-renna 1975HenånNéa MádytosElectrolux AssistentBelgiaKlimaNord-Norgesmesterskapet i fotballMediaWiki26. marsCarl Philip av SverigeFreddie MercuryGrevskap i EnglandValderøyaAdjøAlderspensjonAbdusamet Yigit1450Georg III av Storbritannia1318ØEddiksyreCysteLungebetennelseBukspyttkjertelenRegionen MadridEuropiumKlokkeGud signe maten på vårt bordAgnetha FältskogKirunaHektogramTokyoKjemiCharles III av StorbritanniaVillepleLeif ØstliTorsdagInternettUstedalenSverigeDavid Ben-GurionKoboltPuddelrockBokstaveringsalfabetMBaltimoreShetlandsøyaneCosta RicaNapoléon BonaparteWikibooks🡆 More