Bautasteinen «St. Olavs Pil»

«St.

Olavs pil» er ein bautastein på Store-Standal, Gnr 60 bnr 1, i Ørsta kommuneSunnmøre. 62°15′51″N 6°25′33″E / 62.2642448048°N 6.425714272°E / 62.2642448048; 6.425714272

Bautasteinen «St. Olavs Pil»
Batuasteinen «St. Olavs pil» på Store-Standal i Ørsta (foto: 2017).

Presten Hans Strøm skreiv i 1766 om ein bautastein på Store Standal, «en lang og noget krum Steen-Stytte stående 6 Alne høit over Jorden,». Arkeologen Nicolay Nicolaysen skreiv på 1860-talet om steinen, men berre at han var teken bort «et snes år» tidlegare.

Bautasteinen vart i 1890 attreist av Fortidsminneforeninga.

I 1950 registrerte Per Fett bautasteinen, som han kalla «St. Olavs pil» og opplyste at han er 4m høg, 70 cm brei og 20 cm tjukk. Han opplyste òg at steinen tidlegare var blitt teke ned og nytta i ei bru, men vart seinare sett opp att der han står no. Nøyaktig kvar helst han stod før, veit ein ikkje, men han stod då på ein stad lenger inne på bøen og skal ha halla mot sjøen.

Nokon tradisjon om når steinen opphavleg vart sett opp, eller kva funksjon han hadde, er ikkje kjent.

I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» fortel presten Hans Strøm om ei noko eventyrleg segn som er knytt til denne bautasteinen, og som har gitt han namnet «St. Olavs pil». Det skal ha vore Olav den heilage som, med overnaturlege krefter, gjorde eit pileskot med denne steinen som pil. Pila skal då først ha gått gjennom eit fjell, der det vart eit hol (ein «glugge»), og ho skal deretter ha landa, ståande på bøen nede på Store-Standal. Segna har i ettertid blitt utbrodert, slik at steinen (pila) først traff trollet «Trollgjøttemannen» i berget på den andre sida av Hjørundfjorden og deretter spratt attende og landa på Store-Standal. Difor hallinga mot sjøen!

(Holet, eller gluggen, i fjellet som pila skal ha gått gjennom, kan ein sjå den dag i dag når ein køyrer over Standaleidet mot Ørsta, til venstre for Kolåstinden, og fjellet heiter difor «Gluggefjellet».)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

BautasteinSunnmøreØrsta kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DholErik SolbakkenSjtipElvdalskTysdagTrude DrevlandFranklin D. RooseveltStatueOlympiske leikarByar i HellasNynorskJoakim Harestad HaukaasWillie NelsonOmanPeter HolmNormandieDigital object identifierDominicaNasjonaldrakt28. marsPetter NorthugLangfredagAsiaPeggy SueMakedonsk språkHelena BrodtkorbTorinoGauklaget i SkaunHeimehjelpHydrometerDjevelenVerdas landBravoHandball-VM 2015 for mennSissel KyrkjebøMeisefamilienBrjansk oblastSin-ørkenenIslandKeisarkanalenRoald ØyenDet britiske imperietElsa LystadArménioTidslinje over norsk historieGåsVetteDan Børge AkerøMurmanskLourdesMenneskekraftDen romerske republikkenSpesifikk gravitetEkornHinduismenSjøløverLeningrad oblastArve OpsahlFukuokaAkupunkturHarald EiaHanamiHåkjerringApp StoreSukkerSunnhordlandske ord og vendingarAndKrysantemumLove Me av Buddy HollyDraco MalfangJosef StalinIsraelReinSlogenI Feed You My LoveTranebær🡆 More