Pil Og Boge

Pil og boge er eit særs gamalt og utbreidd våpen som har vorte brukt til jakt og krigføring.

    For andre tydingar av oppslagsordet, sjå boge.

I dag blir bogen ofte brukt som fritids- og konkurranseaktivitet, men det finst framleis folkegrupper som nyttar boge til jakt.

Pil Og Boge
Skyting med pil og boge.

Historie

Pil Og Boge 
Kinesisk bogeskytar frå 1700-talet.

Bogen vart funne opp i steinalderen. Dei eldste teikna på bruk, steinar forma som pilspissar, er funne i Afrika og er rundt 60 000 år gamle. Dei eldste restane av både pil og boge som er funne er frå Stellmoor, nord for Hamburg i Tyskland, og stammar frå den paleolittiske kulturen som var der (ca. 9000-8000 f.Kr.). Pilene vart laga av furu, og var 15-20 tommar lange og hadde pilspiss av flint.

Desse restane blei øydelagde under andre verdskrigen. Dei eldste kjente bogane som er kjend i dag, kjem frå Holmegårdmyrene i Danmark, der det i 1940-åra vart funne to boger. Dei var laga av alm, hadde flate armar og ein D-forma midtseksjon, mens den midterste delen var bikonveks. Bogen var 1,50 m lang. Desse bogane vart brukt fram til bronsealderen; konveksiteten av midtseksjonen slutta med tida.

Konstruksjon

Bogen er tradisjonelt laga av ein sterk, men fleksibel tresort, til dømes ask. I moderne tid er dette ofte erstatta av glasfiber. Ei sterk snor blir spent på, gjerne i eit hakk i kvar ende. Opphavleg brukte ein dyresener; på moderne bogar er det vanleg med kevlar eller eit anna kunstig material med stor slitekraft. Pilene er laga av rette greiner, ikkje tjukkare enn 1 cm i diameter. Den eine enden av pila vert spissa, eller sett ein spiss på av t.d. metall, og i den andre enden vert det laga eit hakk, slik at pila kan setjast på snora. Dette hakket er i nyare tid ofte laga av plast som ein sett på som spissen. Denne plast delen vert kalla nock. Det er gjerne styrefjær på pila.

Allereie i antikken byrja ein å laga komposittbogar, der skaftet er laga av fleire material. Den tidlegaste kombinasjonen var tre og bein. Moderne komposittbogar er gjerne av metall og glasfiber. Slike bogar får ein langt større spennkraft, og dermed større penetrasjonsevne og rekkjevidd. Fordi komposittbogar kan vera svært tunge å spenna, brukar ein på moderne bogar ofte eit trinsesystem som gjer det mogleg å spenna dei. Desse moderne trinsebogane heiter compoundbogar.

Trekkrafta til bogar blir målt i pund. Dagens bogar har ei trekkraft frå 20-50 pund. Meir trengst ikkje for å treffa blink på etter måten korte avstandar. Dei engelske langbogane kunne ha opp mot 200 pund trekkraft.

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Pil Og Boge  Commons har multimedium som gjeld: Pil og boge

Tags:

Pil Og Boge HistoriePil Og Boge KonstruksjonPil Og Boge KjelderPil Og Boge BakgrunnsstoffPil Og BogeJaktKrigVåpen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Utviklinga av traktorenJakob II av EnglandRegnskogAntisemittismeFridthjov AnderssenHenrik II av EnglandJohannes VermeerTokyoStore norske leksikonSad i OmanAustraliaGediminas KirkilasTiulenijBlåsjøAngolaDen norske språkstridenOrkhomenósPeter Wessel TordenskjoldGange-RolvTorstein BaeKorrespondentWalesThessaliótidaSMS-språkHenrik WergelandGnuSkhimatáriANynorsk nettleksikonPikoSilje NordnesNordsamiskSlåttevikCowboy-LailaKalsiumkloridDet australske flaggetPartikkelMilanoSør-SudanKent AndersenDet nederlandske koloniriketDen siste istidaMetroen i MoskvaSkypeNasjonaldrikkSuveren statWikipediaDet polske flaggetEspen Barth EideHalloHønefossYafaSperkhiádaKaspihavetCanadaSør-AfrikaFolkestyreHøgnorskSunndalsøraMjøsaLimequatÆrfuglÁjos Konstandínos i FthiótidaElizabeth II av StorbritanniaFaryngittTveitaVM i fotball 2006KrutAfghanistanMorfinNasjonaldyrHenrik IbsenDet britiske imperietPlaneten Jupiter🡆 More