Futsal, òg kalla microfutbol, er ein variant av lagidretten fotball.
Spelet går føre seg på ei bane med hard overflate, vanlegvis innandørs. Bana er på storleik med ei handballbane, altså mykje mindre enn ei vanleg fotballbane, og måla er vanlege handballmål. Ballen svarar til ein vanleg 4-ball, men er laga spesielt for denne sporten for mellom anna å sprette mindre enn ein vanleg fotball. Kvart av dei to laga har fem spelarar, inklusive målvakta. Spelereglane skil seg òg frå dei som gjeld i vanleg fotball.
Nemninga futsal er danna av spansk fútbol de salón, og vert nytta internasjonalt. Spelet oppstod i Uruguay som eit turneringsspel, og vart utvikla vidare i Brasil, særleg i São Paulo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Futsal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.