Fossar I Noreg: Wikimedia-listeartikkel

Noreg er eit land med mange fossefall, og dei høgaste fossane i landet er av dei høgaste fossane i både Europa og heile verda.

Fossar I Noreg: Myter og mistydingar, Høgaste fossar i landet, Liste
Mardalsfossen vert stundom feilaktig rekna for å ha det høgaste fossefallet i Noreg

Myter og mistydingar

Kva som er dei høgaste fossane i landet er ofte omdiskutert. Ofte vert fossar som er lett tilgjengeleg eller som vert rekna som turistattraksjonar feilaktig omtalt som høgast i landet eller i eit område. Fossar med større volum ser gjerne meir imponerande ut enn fossar med lite vatn, og vert òg stundom feilaktig prioritert på lister over dei høgaste fossane. Høgda på fossar kan målast ut frå både total høgd om fossen har fleire fall og høgda på det høgaste fallet. Desse omgrepa kan stundom forvekslast. Både Vettisfossen og Feigefossen har vorte omtalt som dei høgaste i landet. Mardalsfossen er eit anna døme og sjølv Vøringsfossen, som er den 113. høgaste i landet, har vorte kalla den høgaste i Noreg.

Mange fossar i landet er regulerte med omsyn på vasskraftproduksjon og ei anna feilkjelde er at kraftindustrien kan omtale det maksimale høgdepotensialet til ei elv som kan utnyttast i kraftproduksjonen. Denne høgda er ikkje nødvendigvis den same høgda som sjølve fossefallet.

Høgaste fossar i landet

Den høgaste fossen i Noreg etter totalt fall er truleg Vinnufossen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal med ei høgd på 865 meter. Dette gjer han òg til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Det høgaste fallet i Vinnufossen er 735 m og Mongefossen i Rauma i Møre og Romsdal har det høgaste enkeltfallet i Noreg med 773 meter. Mongefossen er regulert og tørrlagt store delar av året.

Liste

Lista inneheld fossane i Noreg med ei totalt fall på 30 meter eller høgare. Lista inneheld både fossar med lite volum og fossar som berre eksisterer til somme tider på året. Denne typen fossar vert ikkje alltid tatt med på slike lister.

Enkelte høgder kan vere noko unøyaktig, så lista kan innehalde feil. Det kan òg finnast fleire fossar på over 30 meter i Noreg.

Namn Høgd (m) Høgaste fall (m) Fylke
1 Vinnufossen 865 730 Møre og Romsdal
2 Skorgefossen 864 Møre og Romsdal
3 Kjerrskredfossen 830 206 Sogn og Fjordane
4 Mongefossen 773 773 Møre og Romsdal
5 Balåifossen 765 Hordaland
6 Tjøtafossen 738 738 Sogn og Fjordane
7 Ølmåafossen 720 720 Møre og Romsdal
8 Kjeragfossen 715 715 Rogaland
9 Tågfossen 706 706 Møre og Romsdal
10 Kjelfossen 705 198 Sogn og Fjordane
11 Heggurfossen 650 650 Møre og Romsdal
12 Tyssestrengene 646 312 Hordaland
13 Mardalsfossen 645 320 Møre og Romsdal
14 Døntefossen 620 229 Møre og Romsdal
15 Ytste Tinjefjellfossen 620 380 Sogn og Fjordane
16 Langfoss 612 612 Hordaland
17 Brufossen 610 240 Hordaland
18 Krunefossen 610 213 Sogn og Fjordane
19 Grinddalsfossen 590 Møre og Romsdal
20 Kveåfossen 590 590 Sogn og Fjordane
21 Ramnefjellfossen 585 405 Sogn og Fjordane
22 Morkateiggrøvene 580 Sogn og Fjordane
23 Lægdafossen 575 125 Sogn og Fjordane
24 Tverrgrovfossen 565 565 Møre og Romsdal
25 Østre Tinjefjellfossen 560 Sogn og Fjordane
26 Sundefossen 557 Hordaland
27 Smørblindofossen 556 Hordaland
28 Ormelifossen 551 Sogn og Fjordane
29 Oksfossen 549 Troms
30 Voldefossen 549 250 Sogn og Fjordane
31 Brekkefossen 546 Sogn og Fjordane
32 Høvlafossen 540 540 Møre og Romsdal
33 Svellofossen 535 565 Hordaland
34 Tundrafossen 520 Sogn og Fjordane
35 Tjørnadalsfossen 505 Hordaland
36 Kyrfoss 504 285 Sogn og Fjordane
37 Krokfossen 485 485 Hordaland
38 Strupen 480 122 Sogn og Fjordane
39 Hydnefossen 475 155 Buskerud
40 Tyssefossen 475 120 Møre og Romsdal
41 Skrikjofossen 455 250 Hordaland
42 Kyrfossen 450 360 Hordaland
43 Breimegåfossen 445 445 Møre og Romsdal
44 Tunshellefossen 445 120 Sogn og Fjordane
45 Kyrfossen 440 200 Sogn og Fjordane
46 Nordre Mardalsfossen 440 381 Møre og Romsdal
47 Veslegjuvfossen 440 125 Oppland
48 Gomsdalsfossen 420 70 Møre og Romsdal
49 Ringedalsfossen 420 300 Hordaland
50 Melkevollfossen 419 122 Sogn og Fjordane
51 Gjerdefossen 415 245 Møre og Romsdal
52 Heggheimsfossen 410 410 Sogn og Fjordane
53 Marsåfossen 410 113 Sogn og Fjordane
54 Sju Søstre 410 410 Møre og Romsdal
55 Skålefossen 400 400 Sogn og Fjordane
56 Rustøyfossen 390 Sogn og Fjordane
57 Hjellefossen 380 380 Sogn og Fjordane
58 Sagfossen 379 Hordaland
59 Strondsfossen 378 378 Hordaland
60 Novlefoss 377 Hordaland
61 Kvitåefossen 366 Telemark
62 Vermafossen 365 Møre og Romsdal
63 Ringeriksfossen 360 105 Hordaland
64 Stølsmaradalsfossen 350 350 Sogn og Fjordane
65 Ryefossen 335 335 Sogn og Fjordane
66 Kjørlifossen 335 335 Sogn og Fjordane
67 Skeidsläfossen 325 Sogn og Fjordane
68 Grønefossen 325 114 Sogn og Fjordane
69 Ædnafossen 320 213 Hordaland
70 Brudesløret 320 320 Møre og Romsdal
71 Skytjefossen 315 315 Hordaland
72 Volefossen 309 274 Sogn og Fjordane
73 Vidfoss 307 187 Hordaland
74 Neslefossen 305 Sogn og Fjordane
75 Berdølofossen 280 Hordaland
76 Friaren 275 125 Møre og Romsdal
77 Vettisfossen 275 275 Sogn og Fjordane
78 Kvamefossen 274 76 Sogn og Fjordane
79 Rembesdalsfossen 272 Hordaland
80 Valursfossen 272 205 Hordaland
81 Mollisfossen 269 140 Finnmark
82 Drivandefossen 264 Sogn og Fjordane
83 Øysterbøfossen 260 Sogn og Fjordane
84 Skyrdalsfossen 260 Hordaland
85 Austrekrågforsen 257 257 Nordland
86 Hølgamefossen 255 255 Sogn og Fjordane
87 Smøreholefossen 250 140 Sogn og Fjordane
88 Svøufallet 246 167 Møre og Romsdal
89 Søtefossen 246 176 Hordaland
90 Turlifossen 245 245 Sogn og Fjordane
91 Mogelifossen 244 Hordaland
92 Rjoandefossen 241 140 Sogn og Fjordane
93 Stigfossen 239 122 Møre og Romsdal
94 Sivlefossen 238 116 Hordaland
95 Tysvikjofossen 235 235 Hordaland
96 Sæteigfossen 235 Hordaland
97 Vassvikefossen 235 Hordaland
98 Myrdalsfossen 230 100 Sogn og Fjordane
99 Feigefossen 229 229 Sogn og Fjordane
100 Dyrdalsfossen 219 Møre og Romsdal
101 Yrifossen 213 Sogn og Fjordane
102 Reiårsfossen 210 210 Aust Agder
103 Storhoggfossen 210
104 Stødnafossen 210 115 Sogn og Fjordane
105 Fyssafossen 200 160 Sogn og Fjordane
106 Kvinnafossen 200 200 Sogn og Fjordane
107 Melheimsfossen 195 130 Sogn og Fjordane
108 Aurstaupet 193 85 Møre og Romsdal
109 Vedalsfossen 190 190 Hordaland
110 Krekafossen 185 Sogn og Fjordane
111 Nyastølsfossen 180 105 Hordaland
112 Trollfossen 175 175 Møre og Romsdal
113 Vøringsfossen 173 135 Hordaland
114 Gluterfossen 171 Møre og Romsdal
115 Bølifossen 170 Sogn og Fjordane
116 Kjotånafossen 169 Møre og Romsdal
117 Avdalsfossen 165 165 Sogn og Fjordane
118 Honganvikfossen 155 155 Hordaland
119 Linndalsfallet 145 114 Møre og Romsdal
120 Asfossen 138 138 Hordaland
121 Eldegardsfossen 135 119 Sogn og Fjordane
122 Stalheimsfossen 126 126 Hordaland
123 Dravladalsfossen 125
124 Skarvefossen 119 119 Hordaland
125 Skjervsfossen 117 73 Hordaland
126 Tvindefossen 116 Hordaland
127 Brudesløret 110 110 Møre og Romsdal
128 Skogafossen 105 105 Møre og Romsdal
129 Rjukanfossen 104 104 Telemark
130 Tveitafossen 103 103 Hordaland
131 Rullestadjuvet 101 Hordaland
132 Espelandsfossen 99 84 Hordaland
133 Låtefossen 95 95 Hordaland
134 Reppfallet 94 94 Møre og Romsdal
135 Styggfossen 82 Møre og Romsdal
136 Espelandsfossen 75 55 Hordaland
137 Hallarfossen 70 70 Møre og Romsdal
138 Øvstebrufossen 70 70 Sogn og Fjordane
139 Vårstigåafossen 66 Sør Trøndelag
140 Spirefossen 61 Sogn og Fjordane
141 Kleivafossen 41 41 Sogn og Fjordane
142 Stølsfossen 34 34 Hordaland
143 Kvernusfoss 30 30 Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar

Tags:

Fossar I Noreg Myter og mistydingarFossar I Noreg Høgaste fossar i landetFossar I Noreg ListeFossar I Noreg BakgrunnsstoffFossar I Noreg KjelderFossar I NoregEuropaFoss

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Ozzy OsbourneDet nederlandske koloniriketTutrakanKari BakkeHlíðarfjallMusikkgruppa GåtePeter Wessel TordenskjoldSjakkBizkaiaBrennverdiEselMolde kommunePetter NorthugKardítsaABBAKristian ØdegårdBiologisk familieGeorg RiedelFinding DoryNasjonalbiblioteketWiki CommonsBererakettSunnmøreRudolf BlodstrupmoenPindéosNazist2019OsloDUF-nummerEli Kari GjengedalVoss heradArsenal FCKattOmanbuktaTaekwondoStyresettCowboy-LailaHarry HoleUTCKolOppland fylkeTyrkiaEyvind JohnsonNyttårHaaretzIltalehtiDet indiske kastesystemetValdresDag HammarskjöldBuskerud fylkeSaltLufttrykkParisVM i fotball 2022HinduismenMayo ClinicSilje NordnesDomingos CastroStomiMagnetisk feltstyrkeRakiaFarkadónaFelix MendelssohnJærenUbehaget i kulturenNyrekapselLagerthaStatsreligionTonsillBrussel🡆 More