Estisk kroon eller krone (Ekr - Eesti kroon) var valutaen i Estland.
Valutakoden er EEK. 1 Kroon (pluralform krooni) = 100 senti (singularform sent). Noregs Bank noterer valutakurs for estikse kroner. Ei estisk krone er notert til mellom 50 og 60 øre (2009).
Estisk kroon | |||
| |||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Delt i | 100 senti | ||
Valutakode | EEK | ||
Innført | 1928 | ||
Avskaffa | 15. januar 2011 | ||
Erstatta av | Euro |
Valutaen vart innført i 1928 i staden for den tidlegare estiske marken som var innført i 1921. Den estiske krona gjaldt fram til at Estland vart hærteken av Sovjetunionen i 1940, og rubelen vart innført som betalingsmiddel. I juni 1992 vart den estiske krona på nytt innført som valuta istaden for rubelen. Den første tida var ho knytt til D-marken. Då Tyskland innførte euro, vart krona bunden til euroen i staden. Estland vart medlem av EUs pengeunion 1. januar 2011. Etter ein overgangsperiode på to veker er den estiske krona frå og med 15. januar 2011 ikkje lenger gyldig betalingsmiddel, men kan vekslast inn til sentralkurs (1 EUR = 15,6455 EEK) i sentralbanken.
Valutaen vart utmynta av Eesti Pank - EP som vart grunnlagd i 1919 og fornya i 1990. EP har hovudkontor i Tallinn.
Sedlar | |||||
---|---|---|---|---|---|
Bilete | Valør | Farge | Utsjånad | ||
Framside | Bakside | Framside | Bakside | ||
1 kroon | Oransje/Brun | Kristjan Raud | Slott Toompea | ||
2 krooni | Grå blå | Karl Ernst von Baer | Tartu universitet | ||
5 krooni | Oransje | Paul Keres | Narva slott og Ivangorod festning | ||
10 krooni | Raud | Jakob Hurt | Tamme-Lauri ek | ||
25 krooni | Grøn | Anton Hansen Tammsaare | Vargamäe by | ||
50 krooni | Lysgrøn | Rudolf Tobias | Estonia-teateret | ||
100 krooni | Lysblå | Lydia Koidula | Baltisk klint | ||
500 krooni | Lilla | Carl Robert Jakobson | Ladusvala |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Estisk kroon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.