Engelsk Opning

Engelsk opning er ei sjakkopning som startar med trekket 1.c4, det fjerde mest populære opningstrekket i sjakk.

    Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Engelsk Opning
Engelsk Opning
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Engelsk Opning
Engelsk Opning
1.c4

Opninga fekk namnet etter at Howard Staunton brukte den i ein tvikamp mot Pierre St. Amant i 1843.

Kva som er «engelsk»

Å beskrive nøyaktig kva som er engelsk opning og kva som er noko anna kan vere litt vanskeleg. Nøkkeltrekket er c2-c4 frå kvit, men dette trekket dukkar også opp i mange andre opningar, og difor kan ikkje alle parti som startar med 1.c4 kallast «engelsk». Etter litt ombyte på den vanlege rekkefølgja ein gjer trekka, såkalla trekkomkasting, så er ein inne i stillingar som vanlegvis startar med 1.d4 eller 1.Sf3. For eksempel, etter 1.c4 e6 2.Sf3 Sf6 3.d4 b6 har ein dronningindisk.

Heller ikkje alle parti som kan kallast «engelske» startar med 1.c4, for eksempel vil 1.Sf3 Sf6 2.c4 bli rekna som engelsk. Til og med parti som opnar med 1.d4 eller 1.e4 kan bli engelske, for eksempel 1.d4 Sf6 2.c4 c5 3.Sf3 eller 1.e4 c5 2.c4. Viss stillinga normalt oppstår etter at kvit har starta med 1.c4 er det truleg engelsk. Til dømes blir ikkje 1.Sf3 d5 2.c4 kalla «engelsk» men Retis opning, fordi stillinga sjeldan oppstår etter 1.c4 d5 2.Sf3 på grunn av kvit sitt høve til å spele 2.cxd5.

Prinsipp

1.c4 er eit fleksibelt trekk. Kvit angrip sentrum med ein løparbonde og har ikkje bestemt kvar sentrumsbøndene skal plasserast enda. Trekket gjer ikkje like mykje for utviklinga som 1.d4 eller 1.e4 gjer, den einaste brikka som blir frigjort er dronninga. Imidlertid kan kvit no spele Sc3 utan at springaren kjem i vegen for c-bonden. Kvit kan halde sentrumsbøndene tilbake og la svart bygge opp eit sentrum som kvit satsar på å bryte ned, ein såkalla «hypermoderne» spelemåte.

Variantar

Svart har mange moglege svartrekk på 1.c4.

  • 1...Sf6 er den vanlegaste og inviterer kvit til å spele d2-d4 med overgang til diverse indiske forsvar eller dronninggambit. Det finst ein del eigne variantar her. Ein av desse er 1.c4 Sf6 2.Sc3 e6 3.Sf3 Lb4 som liknar litt på nimzoindisk, men der kvit har halde tilbake d4-bonden for å unngå svekkingar i sentrum.
  • 1...c5 blir kalla symmetrisk engelsk. Svart spelar ofte på å bevare symmetrien og prøver å få til ei tidleg utlikning.
  • 1...e5 er svart sitt mest aggressive svar på 1.c4. Stillinga blir til ein slags siciliansk opning, men med ombytta farga. Sidan kvit spelar siciliansk med eit ekstra tempo er det sjeldan svart tillet ei tidleg opning av sentrum og stillinga blir derfor meir lik dei lukka variantane enn dei opne variantane.
  • 1...e6, 1...c6, 1...g6 og 1...d6 er alle ganske vanlege svartrekk, men dei vil nesten alltid føre til ei anna opning eller ein av dei tidlegare nemnde variantane av engelsk.

Tags:

1843SjakkopningTvikamp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tønsberg kommuneHovudsideSola kommuneCand.scient.BruttonasjonalproduktAvlídaStèreMonogamiLokeSnikkarHartmanns operasjonThoriumkraftverkGresk mytologiEininga soneBrøytKleopatraKirkeristenSikhismenElizabeth II av StorbritanniaTom HagenTokyoNellikrevolusjonenNoregElon MuskIstiéa-EdipsósJojoSildBergen kommuneRiksveg 5Champions LeagueMS «Framstig»Ex-utstyrÁgrafaDekar2019BerlinblokadenRagnhild BrochmannHurtigrutaGasparsundetMusikkgruppa GåteAdies syndromFlodhestIdas sommarvisaDet norske alfabetetSvaleurtKattKvitveisApple Inc.Seth MacFarlaneSlangeberarenPandemiLundefuglMolde kommuneDet internasjonale fonetiske alfabetetRändajadElvis PresleyImportordNordmøreReiulf SteenJantelovenRingdrottenVoilà av Barbara PraviLønnTrondheim kommuneQueenTsjekkiaDei fem K-ane i sikhismenPeriferieininga KérkyraProgrammeringsspråket JavaTimo VornanenBokfinkVictoria av StorbritanniaFaryngitt🡆 More