Ouverture (fransk for 'opning' eller 'forspel') er eit musikkstykke som vanlegvis er skrive som eit orkesterforspel til ein opera, skodespel eller anna dramatisk verk.
Ouverturen består ofte av sitat frå resten av musikken i operaen, musikalen eller skodespelet (eit døme er ouverturen til Elverhøi av Kuhlau). Men ein del ouverturar er tematisk heilt frittståande, som Mozart sin ouverture til Figaros bryllup og Rossini sin til Barbereren i Sevilla. Ein del ouverturar er også skrivne som sjølvstendige verk, som 1812-ouverturen til Tsjajkovskij.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ouverture, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.