Empire State Building er ein 102-etasjars skyskrapar i art deco-stil i New York by i USA, som ligg der Fifth Avenue og West 34th Street møtest.
Namnet på bygningen kjem av kallenamnet på delstaten New York, The Empire State. Han var den høgste bygningen i verda i meir enn førti år, frå han var ferdigbygd i 1931 til nordtårnet til World Trade Center stod ferdig i 1972. Etter at World Trade Center vart ramma av terroråtak i 2001, vart Empire State Building igjen den høgste bygningen i New York by og delstaten New York.
Empire State Building | |||
| |||
Arkitekt | Shreve, Lamb & Harmon | ||
---|---|---|---|
Opna | 1. mai 1931 | ||
Stil | art deco | ||
Empire State Building 40°44′54″N 73°59′07″W / 40.748333333333°N 73.985277777778°W |
American Society of Civil Engineers har gjeve Empire State Building status som eitt av dei sju underverka i den moderne verda. Bygningen og interiøret i 1. etasje er gjevne status som landemerke av New York City Landmarks Preservation Commission, og også av New York City Board of Estimate. Han vart gjeven status som National Historic Landmark i 1986. I 2007 vart han plassert som nummer éin på American Institute of Architects si liste over favorittarkitektur i USA. Bygningen er ått og driven av W&H Properties.
Empire State Building er den tredje høgste skyskraparen i Amerika (etter Willis Tower (tidlegare Sears Tower) og Trump International Hotel and Tower, begge i Chicago), og den 15. høgste i verda. Han er også det fjerde høgste frittståande byggverket i Amerika.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Empire State Building, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.